Klar for BG-nøttene?

Landbrukets store julekalender, dei tradisjonsrike BG-nøttene, startar om få dagar. Med ein formidabel premiesekk!

Publisert

Det er berre å skru på alarmen på telefonen og finne fram den store tusjen for å merke av i kalenderen! Førstkomande torsdag er det 1. desember. Då har BG-nissane lova å vere klare til innsats, og vere på plass med nok ein runde av landets eldste julekalender for landbruksinteresserte.

Vinn traktor!

Det er blitt ein tradisjon at hovudpremien er fire veker fri bruk av ein traktor. Slik er det også i år: Svenningsens stiller med den splitter nye Kubota M7-serien, som går rett inn i den populære traktorklassen kring 150 hk.

Vinn enda ein traktor!

BG-nissane har opplevd den store gleda vinnarane utstrålar når dei vinn traktorpremien. Men kva då med to traktorpremiar? Jo, det er jo enda artigare! For i år ligg det også fire veker fri bruk av ein Massey Ferguson 4700, som Eikmaskin har stor tru på vil gjere det godt i klassen på opp til 100 hk.

Norsk beitepussar!

I kategorien for gratis maskin i fire veker legg Duun inn sin nye beitepussar. Tidspunktet for å ta ut denne premien er som for traktorane noko vinnaren og premiesponsoren avtaler seg imellom, slik at vinnaren får maksimalt utbytte av premien.

300 meter ferdig oppsett gjerde!

Ja, du les heilt rett! HT-gjerde stiller med 300 meter fiks ferdig oppsett nettinggjerde. Maken til premie har du aldri før sett i nokon som helst konkurranse, tør vi påstå. Ein husdyrnisse har kviskra oss i øyret at han reknar med at fleire husdyrfamiliar no mobiliserer stort for å prøve å vinne gjerdepremien. For dette er ikkje småtteri, her snakkar vi store og varige verdiar!

Tur til Sima og tur til maskinfabrikkar!

Tradisjonen tru ligg der fleire reisebillettar i premiesekken, med fly og overnatting inkludert. Ein av turane går til Sima-utstillinga i Paris.

Helgepass til Agrisjå!

Hausten 2017 er det atter landbruksutstilling i Stjørdal. Der er det godt å ha god tid, så nissane deler ut 24 helgepass, eitt kvar konkurransedag.

Nyttige reiskapar og praktisk utstyr!

Den komplette premielista vil nissane legge ut over helga. Men alt no kan dei avsløre at du til dømes kan vinne ein HMV traktordel og ein reiskapsdel med kulefeste, der ligg eit kamerasett med fire husdyrkamera frå EloTec i sekken, ein gassgrill, eit gardsnamnskilt, stroppesett for rundballar, veggmontert drikkekar, 1000 vedsekkar, ensileringsmiddel, måleinstrument for husdyrgjødsel, der er fleire modelltraktorar og modellreiskapar, du finn boblejakke, parkas, allvêrsjakke og andre klede, siloklubbe, kjetting til SUV/varebil, kjettingtang, kraftige arbeidslykter, slangemerkingssett, verktøysett og litt av kvart elles. For det mankerer ikkje på premiane når BG-nissane feirar jul!

Vil du repetere litt frå fjorårskalenderen, eller om du er ny på kalenderfronten: Sjå kva dette går i? Klikk deg inn her. Sett av god tid, dette er årets største artikkel på gardsdrift.no!

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS