Premiar BG-nøttene 22, 23 og 24 desember 2015

BG-nøtter julaftan for både vaksne og born

Det har vore ein travel desember for BG-nissane, men enno er der godbitar att i sekken. Og på julaftan blir det premiar også for barn!

Publisert

Julaftan presenterer nissane den klassiske bastard-traktoren, der deler frå fire ulike merke er plukka saman for å bli ein ny blandingstraktor. Denne oppgåva ligg ute heile julaftan og første juledag.

Her har nissane så mykje som fire premiar, der to av dei er reservert aldersgruppene under seks år, og mellom seks og 16 år.

Tre-traktor under seks år

Er du under seks år, kan du vinne ein JCB-traktor i tre, med tilhengar fullasta av klossar. For å vinne denne er det nok å prøve seg, men nissane kjem ikkje til å vere strenge på om svaret er rett.

Fjernstyrt Siku mellom 6 og 16

Er du mellom seks og 16 år, kan du vinne ein fjernstyrt Siku-traktor. Sjølv om vi finn mange av dei mest traktorkyndige lesarane våre i denne aldersgruppa, meiner nissane at minst to rette svar må vere nok for å kvalifisere seg her, av omsyn til dei aller yngste. Førakortkravet for ein slik fjernstyrt skyss er innfridd for alle med minst to rette.

Dei to barnepremiane er gitt av Nils Anton Mørk Maskin AS.

Gardsnamn-skilt for dei vaksne

For tredje år på rad stiller Duun og Dalen med ein premie ingen andre får maken til: Begge byr på eit gardsnamnskilt i stål, med valfri tekst. Kvart skilt måler inntil ein ganger to meter, og blir utforma i samråd med vinnaren innan visse rammer. Tidlegare vinnarar melder begeistra at folk stoppar i gardsvegen og ryggar tilbake for å sjå meir nøye på skiltet, for dette er kvalitet.

Eldste og yngste

Til eldste og yngste deltakar på julaftan spanderer Bedre Gardsdrift fire flaxlodd til kvar.

Solid oppkøyring

Etter 21 dagar med eit breitt utval av gode premiar, er det bra skikkeleg det som ligg att i potten no: 22. desember kunne du vinne ein velgarventil inklusive spak med velgarknapp frå GKN Uni Cardan. Veslejulaftan har dagspremien med høgast verdi før julaftan, med ein hjulgrabb frå Underhaug til odel og eige.

Hovudpremiane

Vi kan gjerne repetere hovudpremiane:

Minst 22 rette

Felleskjøpet: JD 6110MC til fri bruk i fire veker

Lena Maskin: Fabrikktur for to til McCormick - A-K maskiner: Fabrikktur for to til New Holland - HCP: Fabrikktur til Krone

Minst 20 rette

Traktor og landbruk: BvL Fullfôrvogn til fri bruk i fire veker

24 rette

Byberg: Hydraulisk toppstag i valfri lengde

Beste kommentar

For å sikre at nøtteknekkarane ikkje vert skadde der dei sklir avgarde på ville vegar med kommentarane sine, deler nissane ut to premiar til utvalde kommentatorar:

Sisu: Strøvogn - Felleskjøpet i-mek: To hodelykter og to par isbroddar

Powered by Labrador CMS