Gratis traktor i våronna eller fritt fôringsutstyr i fire veker er mellom premiane i BG-nøttene 2015, sponsa av Felleskjøpet Agri og Traktor og Landbruk.

– Å kjære vene!

Vinnarane av hovudpremiane i BG-nøttene er trekte. Traktoren går til Fet i Akershus, fullfôrvogna til Vågå i Oppland.

Publisert

Traktoren går til Ole Jakob Skovli frå Enebakkneset i Akershus.

– Å kjære vene! Nå ble jeg målløs, seier han, før samtalen kjem i gang att om korngarden hans. Ole Jakob overtok saman med kona i 2009, og driv kornproduksjon på 340 dekar. Litt unna den standarden styresmaktene ynskjer, men akkurat passe stort til å tilføre ei god dose trivsel i livet.

Har raudt frå før

No har han to MF 4365 på garden. Den første kjøpte faren i 2003, og den var dei så nøgde med at dei bytte inn ein MF 390 med ein brukt 2003-modell 4365 i fjor.

– Då blir det grønn traktor i våronna i år, konstaterer Ole Jakob. Som har tenkt litt på hovudpremien gjennom adventstida.

– Lærerike nøtter

– Etter å ha svart på BG-nøttene nokre dagar vart eg litt hekta, og bestemte meg for at her skulle eg vere med heilt inn. Så var det jo både interessant og lærerikt, og når eg toppar det med å vinne traktoren er det jo berre heilt topp, høyrer vi oppglødd i telefonen. Ole Jakob meiner elles at dagspremiane i seg sjølv var god nok grunn til å vere med på BG-nøttene, med ein fin miks av ting som er til nytte eller kjekt å ha for bøndene. Kombinert med fagleg aktuelle spørsmål.

Om mekaniseringa er raud frå før, er han ikkje framand for grøne traktorar. Onkelen hans har ein litt større Deere, som han lånte ei økt for nokre år sidan. Det gjekk heilt fint det. Og no blir nok onkelen ekstra godt fornøgd.

Passar veldig bra

– Premietraktoren er veldig passeleg for meg og mi drift. Den er i same klasse som dei eg har frå før. Heilt grei effekt, og ganske enkel elles. Dette var artig!

Attåt garden har Ole Jakob full jobb som jordskiftedommarfullmektig, så han er glad for at faren er aktivt med i onnene. Timeløna blir så som så, men trivselen har også ein verdi.

– Og så lova eg kona stall før vi gifta oss. Sånne lovnader må haldast, så vi har to hestar. Men då vi tok til å sjå på stallen som var her frå før, -ja, det vart mykje arbeid, men eg heldt det eg lova!

Fullfôrvogn til Vågå

Fullfôrvogna skal til eit par i Vågå i Oppland, som med rette kan seiast at dei driv gard fordi dei har lyst. Vinnaren heiter Gina Ragnhild Haugen. Saman med mannen og dei tre barna driv ho mjølkeproduksjon i eit fjøs frå 2012, med 375 tonn i kvote. Garden vart kjøpt i 2009. Før det hadde dei ein annan gard nokre år, som vart tatt att på odel, og mens dei jakta på ny gard forpakta dei den tidlegare landbruksskulen Klones. Der har også mannen hennar arbeidd som avløysar og gardskar tidlegare.

Glad i ku

­– Mannen min var yngst i ein søskenflokk på fire. Han er frå eit mjølkebruk. Eg er frå eit småbruk med sau, men likte ku så godt at eg jobba som avløysar på nabogarden. Så fann vi kvarandre og har satsa vidare i lag. Eg trur det er viktig at vi kan vere i lag om det, for det kan vere hardt arbeid. Men no tykkjer vi det går godt og at vi har eit framtidsretta bruk, seier Gina Ranghild. Som om litt får ei BvL fullfôrvogn frå Traktor og Landbruk til gards til fri bruk i fire veker. Takka vere at ho og mannen tar seg tid til ein kaffikopp av og til, og at dei då held fast på familietradisjonen med å knekke BG-nøtter i adventstida.

To av premiane i BG-nøttene 2015 er av typen "til fri bruk i fire veker". Felleskjøpet Agri stiller med ein John Deere 6110 MC, og Traktor og Landbruk stiller med ei BvL fullfôrvogn. Tidspunkt for bruk av premiane blir avtalt med vinnarane, slik at dei kan få mest mogeleg nytte av premiane. Vilkåret for å vinne traktoren er minst 22 rette svar. Vilkåret for å vinne vogna er minst 20 rette svar og ei drift som er slik at du har bruk for den. 

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS