Vil du tjuvtrene litt? Her er nøtta frå julaftan i fjor...

BG-nissane har fått Lego i sekken

Ein nøtteknekkar sakna Lego og ting for born i BG-nøttene. Og BG-nissane fiksar!

Publisert

Mange gler seg alt no til BG-nøtta julaftan. Den vert, tradisjonen tru, ein traktor samansett av deler frå fire andre, der oppgåva er å finne kor delene er plukka frå. Og BG-nissane veit veldig godt at julaftan kan vere ein travel dag, så den nøtta ligg der til og med første juledag.

Denne oppgåva passar både små og store. Tradisjonen tru er dagspremien her eit unikt gardsnamn-skilt i stål frå Dalen. Skiltet måler inntil 1 x 2 meter og blir utforma i samråd med vinnaren innan visse rammer. Tidlegare vinnarar melder begeistra at folk stoppar i gardsvegen og ryggar tilbake for å sjå meir nøye på skiltet, for dette er kvalitet.

To ekstrapremiar for born og unge på julaftan!

Men ikkje nok med det: Nissane har fått enda to pakkar i sekken sin, til utdeling på julaftan. Dei litt yngre nøtteknekkarane kan vinne ein Lego Technic Claas Xerion om dei har minst tre rette på julaftan. Mellom dei aller yngste nøtteknekkarane trekkjer nissane ein Lego Duplo "Min første bondegård". Begge desse premiane kjem til premiesekken direkte frå Lego.

Enda ein Lego-premie!

Trur du BG-nissane gir seg der? Neida. Også veslejulaftan kan du vinne Lego-versjonen av Claas Xerion, denne gongen utan aldersgrense, sponsa av eit anna interessant firma.

    Mange andre godbitar i vente!

    Utvalet av premiar dei andre dagane fram til jul er også svært solid og triveleg, sjå no berre her:

    • Fendt-jakke
    • Jakke, t-skjorte, kjeledress, caps og lommelykt frå McHale
    • SafetyMark slangemerkingssett 
    • Lilleseth kjettingtang     
    • Avfallstralle, jubileumsbok og genser frå Serigstad Agri
    • Gåvepakke frå RLteknikk
    • John Deere jakke
    • Måleinstrument for husdyrgjødsel frå Agromiljø

    Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS