BG-labyrinten-13

Svar på BG-labyrinten første påskedag

Ei myndig dame, ei stor hending og ein by 55 meter opp men langt ifrå... Vi sjekkar messebyen Hannover.

Publisert

Oppgåve BG-labyrinten første påskedag

Du står med kofferten i handa, klar for ein ny etappe. I drosjen som hentar deg møter du ei myndig og travel dame. Ho fortel at ho er sjefen i landet du skal reise til, og at ho er av dei mektigaste. Byen du skal til er vertskap for verdas største av ei hending du kan vere interessert i, som blir arrangert med to år mellom kvar gong. Av dei som er av størst interesse for deg er ingen der til vanleg, men under dette arrangementet er alle der, også alle dei viktige frå andre land. Byen er også vertskap for eit anna arrangement som er eit av verdas største, og som føregår seg kvar haust, der foredla flytande landbruksprodukt spelar ein vesentleg rolle. Ei som er fødd i byen ytra seg om ein satellitt i Oslo i 2010, med stort hell.Byen ligg 55 meter over, men mange mil unna eit viktig element. Kor skal vi reise?

Svar på BG-labyrinten første påskedag

Ikkje verst å bli henta av Europas viktigaste politikar på veg til byen som er vertskap for verdas viktigaste landbruksutstilling!

Vi skal til Hannover i Tyskland. Du er så heldig at du blir henta av Angela Merkel, forbundskanslar i Tyskland, og kåra til mektigaste kvinna i verda og viktigaste politikaren i Europa. Storfin skyss er på sin plass, for landbruket og produksjon av landbruksmaskiner er viktige næringar i Tyskland.Hannover er vertskap for Agritechnica, verdast største og fremste landbruksutstilling. Under utstillinga er alle dei viktigaste frå landbruksmaskinbransjen å finne på utstillinga, men ingen av dei store og viktige har nære band til Hannover elles. Vi godtar ymse variasjonar kring ordet maskinbransje som svar.Kvar haust er det oktoberfest i Hannover, men ulike kjelder stridast om dette er største oktoberfesten i verda, eller berre den tredje største. I alle fall, det flytande, foredla landbruksproduktet blir servert i store seidlar, er kort og godt øl. Lena (Meyer-Landrut til etternamn) song Satellite i Eurovision Song Contest-finalen i Oslo i 2010, og ho er frå Hannover. Byen ligg 55 meter over havet, men langt inni landet.

Er du tolmodig, kan du bli verande i Hannover til utpå hausten, for det er Agritechnika-år i år. Viss ikkje kan du kome heimatt ved høve, for reisa vår denne påska er komen til ein ende. Har du hatt ein fin tur, fortel det til oss. Ynskjer du endringar, sei ifrå om det og!

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS