jma luftambulanse
jma luftambulanse

Sklei med traktor

SOGN OG FJORDANE/GAULAR: Føraren i 70-åra vart berre lettare skadd då han vart kasta ut av den gamle MF-en som sigla ned ein bakke under fôrhausting.

Publisert

Politiet oppfatta først at det var snakk om at traktoren hadde velta langs veg, men det viste seg etter kvart at traktoren hadde sklidd under fôrhausting. Traktoren er ein eldre Massey Ferguson, truleg 135 eller 148, utstyrt med velbrukte tvillinghjul og tilkopla tilhengar og fôrhaustar.

Under arbeid har traktoren sklidd ned ein bakke, og føraren er blitt kasta ut under ferda. Traktoren stoppa nede på ei flate, etter at framhjula var blitt slått av, melder lokalavisa Firda. Her finn du også fleire bilete frå hendinga.

Føraren var ein mann i 70-åra. Han vart sendt med luftambulanse til Førde Sentralsjukehus, der dei kunne slå fast at han var lettare skadd, melder NRK Sogn og Fjordane.

"
Powered by Labrador CMS