Motorvakt er ei rimeleg forsikring
Motorvakt, også kalla traktorvakt, kan berge traktormotoren frå havari når du sjølv ikkje passer på han. Men forsikringsselskapa veit knapt at slikt utstyr finst, og vil ikkje gi redusert premie om du har det montert.
Frå Bedre Gardsdrift 4/98. Publisert på gardsdrift.no i 1999.
Motorvakt er eit enkelt utstyr du kan montere på traktoren din. Prisen ligg normalt ein stad mellom 3000 og 4000 kroner.
Ved for høg temperatur eller for lågt oljetrykk vil det gå ein alarm, og motoren vil bli stoppa før det oppstår skade. Du kan også kople til fleire sensorar, til dømes på vatningsanlegget eller i dieseltanken. Med ei traktorvakt kan du trygt gå i frå traktoren mens han står og går.
Typiske bruksområde er vatning, vedproduksjon, gjødselomrøring drift av naudstraumaggregat og taubanedrift.Enkelte store skurtreskarar og traktorar blir også leverte med motorvakt.
Ikkje premiereduksjon
Fred Nilsen i Gjensidige fortel at motorvakt ikkje er nemnt i kriteria for maskinskadeforsikringa deira, og det har heller aldri vore vurdert. Nilsen vil ha dokumentasjon på om motorvakt fungerer før han kan seie noko om korleis Gjensidige kan tenkje seg å honorere dei som har montert utstyret.
– Klart det kan vere naturleg å gi redusert premie eller eigendel. Men først må vi vite om dette fungerer, og deretter vurdere økonomien i det.
Nilsen finn det ikkje naturleg at Gjensidige sjølv tar initiativ til at dette blir gjort.¨
Manglande informasjon
Same svaret får vi hos Storebrand. Også der etter å ha prata med, og blitt kopla vidare til eit utal personar som verken er sikre på om dei har høyrt om systemet eller om dei vil uttale seg. At informasjonen ikkje har nådd fram, skuldast vel meir interne rutiner enn mangel på informasjon.
Bedre Gardsdrift veit at bønder har stilt spørsmål om motorvakt til Gjensidige. Har ikke dette nådd fram, Nilsen?
- Motorvakt har som sagt vore ukjent for oss. Det kan vere at spørsmål frå bøndene berre har stoppa nede i systemet ein plass.
Ikkje avkorting
Skulle du få motorhavari mens traktoren står i stasjonær drift, vil det vere opp til takstmannen å vurdere om bonden har vore aktlaus, men det skal ikkje spele nokon rolle kor han er mens traktoren går.
- Det takstmannen skal legge vekt på, er om traktoren er tilstrekkeleg godt vedlikehalden, og om han har blitt brukt på ein forsvarleg måte. Til dømes kan det bli avkorting i forsikringa om traktoren har lavt oljenivå og står så bratt at smørjinga blir dårleg, kan Fred Nilsen fortelje.
Betre enn forsikring
Etter det Bedre Gardsdrift har grunn til å tru, fungerer motorvakta så godt at du kan stole på ho. Har du ein traktor som står mykje i stasjonær drift, kan det hende at eingongsinvesteringa i motorvakt er vel så lønsam som ei maskinskadeforsikring. Då veit du i det minste kva du betaler for.