Vår erfaring

Det er ikkje støtt berre enkelt å sikre seg breiband.

Publisert

I mai 2004 ringte vi Telenor, og fekk til svar Vi har ingen planer om å bygge ut din sentral.Eit lite lokalt firma kunne tilby trådlaust breiband frå ei eksisterande mast nokre hundre meter frå huset, til kr 1500 pr. månad. Tilbodet er aldeles hemningslaust dyrt, og vert forkasta. Firmaet framstår heller ikkje særleg seriøst i sin argumentasjon for den tullete prisen, og dei gjer heller ingen fleire forsøk på å få oss som kundar. No er dessutan masta utkopla, fordi dei andre kundane på denne løysinga har sagt opp.

Så vert det kjent at eit regionalt breibandselskap skal bygge ut i oktober. Då lovar Telenor breiband først i desember, deretter november, så tidleg oktober 2004. Den regionale aktøren har tilsvarande pris som Telenor, tilbyr litt større kapasitet, lovar breiband også til kundar meir enn 3,5 kilometer frå sentralen (enten gjennom telelinja eller over radio), og blir valt som vår leverandør.

Den regionale leverandøren blir forsinka, slik at Telenor blir først ferdig med å bygge ut i bygda, vel å merke berre til kundar som ligg inntil 3,5 km frå sentralen. Deretter viser det seg at telefonlinja til oss ikkje held god nok kvalitet. Så viser det seg at seljaren lova meir enn han hadde grunnlag for. Utbygging med radiosignal er ei dyr løysing, så han blir skeptisk til eigne lovnader. Etter litt att og fram, går selskapet likevel med på at dei har lova å bygge ut, mot at vi betaler ein liten eigenandel, som ei spesialløysing og eingongstilfelle. Men først må ein annan sentral byggjast ut, og tida går.

Våren 2005 får vi antenne, monterer den, og ting fungerer brukbart. Så blir det tull med at signala ikkje når inn i datamaskina, uvisst kvifor. Selskapet stiller opp, og kjem hit med ein servicemann som får ornda opp. Med unntak av at antennefoten har eit svakt punkt som ikkje toler vekta av antenna, fungerer heretter breibandet stort sett greitt. To boksar må skiftast, ein på grunn av tordenver og ein på grunn av elektrisk feil, men selskapet byter ut utan kostnad for oss.

Naboen som bur litt nærare sentralen enn oss, fekk breiband gjennom telefonlinja, levert av den regionale leverandøren. Ingen andre vil levere til han heller. Der er derimot problemet at linja har for dårleg kapasitet til både telefon og breiband, slik at breibandet må ha ei eiga linje. Underleg nok har kabelen fram til husklynga for få linjer. Det regionale selskapet og Telenor er ei stund usamde om kven som skal betale dei få tusenlappane det kostar å skifte til ein kabel med normal kapasitet, men naboen bestemmer seg for å kutte fasttelefonen og satse på IP-telefoni og mobiltelefon som suplement. Litt seinare finn Telenor ut at dei skal skifte kabel likevel, men då er ikkje lenger naboen kunde hos dei.

Våren 2006 ringjer Telenor på nytt, for no har dei funne ut at vi står på ei liste over interesserte i breiband (der vi skreiv oss på to år tidlegare). Dei har ein ny metode der dei brukar den tredje tråden i telefonlinja som dei vil prøve ut. (om du hugsar gamle trepola telefonkontakter, har det seg slik at berre to av polane må til for å sende telefonsignal, mens den tredje er ledig). Vi er godt nøgde med løysinga vi har, men foreslår at dei skal prøve metoden på ein annan nabo, som også har hatt problem med å få breiband. Telenor konstaterer at han slett ikkje har håp med deira teknologi. Derimot viser det seg at også denne naboen så vidt klarer å få signal frå den regionale aktøren.

Moralen er at om du bur litt utanfor Telenors normale dekningsområde, må du sjølv stå på og arbeide for å finne alternative løysingar. Møt fram på salsmøte, syt for at fleire enn du høyrer kva seljaren lovar deg, og ikkje gi opp alt for fort. Å alliere seg med andre lokale krefter kan vere smart.

Powered by Labrador CMS