\"Ut i verden\" utan konkurranse
Nettsida til Norsk Landbrukssamvirke, landbruk.no, har avvikla si peikarsamling. Dermed er "Ut i verden" på gardsdrift.no så godt som åleine om å tilby adresser til andre nettsider om landbruket.
Peikarsamlinga på www.gardsdrift.no omfattar nærare 1000 norske og utanlandske nettsider retta mot landbruket. I dette finn du også landets best oppdaterte peikarsamling til nettbankar, 160 i talet.
Landbruk.no har lenge vore den mest besøkte nettsida retta mot landbruket, men er no lagt om til ei rein informasjonsside for Norsk Landbrukssamvirke. Den vart i si tid oppretta av organisasjonen som ei av pionersidene for landbruk på nettet, og formidla mellom anna daglege nyhendeklipp frå nettaviser kringom i landet, i tillegg til å ha ei peikarsamling.
Den store pioneren på internett i landbruket, Bondeweb, har også trappa ned. Nettlosen, som peikarsamlinga der er kalla, har ikkje vore prioritert i særleg grad etter at Bondevennen overtok tenesta.
Den populære peikarsamlinga på gardsdrift.no blir stadig supplert og vidareutvikla. Skal du sjekke utanlandske prisar, kan du til dømes finne valutakalkulatorar i samlinga vår. Du finn også eit svært stort utval av peikarar til nettsider der maskinprodusentar, organisasjonar, skular og andre presenterer seg sjølve. Totalt har vi kring 1000 peikarar, og samlinga blir stadig utvida. Om du saknar noko, har tips til sider vi bør ha med eller til kategoriar vi elles bør satse på, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt.
Ver klar over at www.gardsdrift.no er ei tilleggsteneste til bladet Bedre Gardsdrift. Det er i bladet du finn dei grundigaste artiklane og det breiaste tilbodet.
Peikarsamlinga "Ut i verden" finn du alltid øvst på gardsdrift.no.