Traktoroversikten på nett
I BG 8/03 finn du landets beste traktoroversikt. Her på gardsdrift.no vil du finne utdrag av den, oppdatert med nye modellar.
For tida skjer det rekordmykje på traktormarknaden. Nær sagt alle merke har nye traktorar som blir lansert i desse dagar, og vi vil gi deg korrekte prisar og data på desse.
I BG 8/03 (postlagt 16. oktober) finn du dei viktigaste modellane av kvart merke, alle opplysningar om importøren, og annan faktainformasjon om traktormarknaden. I tillegg kan du lese om mange av dei nye traktorseriane. Enda fleire fyldige traktoromtaler og prøvekøyringsrapportar finn du i årets niande utgåve av landets fremste traktorblad for dyktige bønder. Desse artiklane finn du berre i papirversjonen av Bedre Gardsdrift.
Nettversjonen av traktoroversikten vil vi ikkje legge ut enno. Vi vil oppdatere den med alle dei nyaste traktorane på marknaden først. Vi tør ikkje å love kva dag oversikten på nettet er klar, for det er avhengig av kor fort importørane har alle tekniske data og ferdige prislister. Til så lenge er oversikten i Bedre Gardsdrift det beste utgangspunktet, for der finn du traktorane som er til sals i dag.
Gled deg!