Teorikurs før øvingskøyring
Før du kan øvingskøyre med traktor, må du ta eit 16-timars teorikurs. Regelen gjeld alle som fyller 15 år etter 1. juli 2003.
I klare ord: Du har ikkje lov å køyre traktor nokon plass utan fullført kurs, om du er fødd etter 1. juli 1988. For å køyre, må du ha med bevis på fullført kurs og identifikasjon med bilete.
Kurset er eit teorikurs på 16 timar, og er det einaste som blir kravd av teori før du kan ta førarkort på traktor. Kurset er ikkje av den tradisjonelle typen, der målet er å pugge skilt og stoppstrekning. Derimot skal det gi eleven haldningar, og forklare kvifor skilta er brukt. Kurset tar opp risiko, og har to timar mørkekøyringsdemonstrasjon og fire timar undervisning i førstehjelp.
Kravd av Samferdsledepartementet Dette er første bolken av ein planlagt firetrinns læreplan for å få førarkort på bil. Berre denne delen krevst på traktor, og resten av læreplanen er enno ikkje ferdig. Denne første delen blir innført no, før resten er klart, etter initiativ frå Samferdsledepartementet. Blir du tatt for å øvingskøyre utan kurset, kan politiet bøtleggje deg, seier Sonja Sporstøl i Vegdirektoratet.
Rådgivar Harald Sagevik forklarer at den nye regelen gjeld all køyring med traktor, same kor den skjer, og han understrekar at all køyring som er omfatta av regelverket Vegdirektoratet forvaltar, er å sjå på som øvingskøyring fram til du har førarkort.
Dette er øvingskøyringØvingskøyring er opplæring. Å la ein 15-åring suse rundt åleine i traktor med rundballepakkaren på slep er ikkje øvingskøyring, og dermed ikkje lov, meiner Harald Sagevik. Under øvingskøyringa skal det følgje med nokon i traktorhytta som kan gi opplæring. Etter Sageviks forståing av trafikkreglane kan ingen køyre traktor åleine før fylte 16 år og med førarkortet i lomma.
På køyreskuleKurset er felles både for bil og traktor, og blir gitt hos køyreskulane. Med andre ord treng du ikkje ta kurset om att når du skal ta førarkort på bil. Kurset må vere fullført før du kan ta til å øvingskøyre.
Kort frist På sine eigne nettsider publiserte Vegdirektoratet kravet 6. juni, altså under ein månad før det tar til å gjelde. Kring ei veke før regelen trer i kraft skal direktoratet starte ein informasjonskampanje. Regelen vil ikkje gjelde for personar som har fylt 15 år før 1. juli, same om vedkomande har starta øvingskøyring eller ikkje.
Elles ingen endringarTrass dei mange framlegga om regelendringar på traktor og traktorførarkort, er dette den einaste endringa som er gjennomført til no. Alt det andre ligg på is, men det er ikkje gløymt.
Du kan lese meir om dette i komande utgåver av Bedre Gardsdrift.