Taust frå CNH
Framtida for CaseIH er framleis i det blå, ei halv veke etter at LMB varsla at dei vil slutte å selje traktorane frå CNH.
Rykta og spekulasjonane går høgt, men noko offisiell avklaring er ikkje komen enno. Det som er sikkert, er at CNH ikkje akkurat er glade for oppseiinga frå LMB.
Administrerande direktør Arne Sörenson i LMB fortel at CNH kravde at selskapet skulle selje New Holland i tillegg til CaseIH, droppe agenturet for Claas og heller ikkje ta inn konkurrerande merke.
Med andre ord har CNH uttrykt eit ønske om ein felles skandinavisk importør for begge merka.
Gardsdrift.no og Bedre Gardsdrift kjem med meir informasjon så snart noko er klart.