Snill sprøytetraktor

Publisert

Ein gammal MF 135 er sprøytetraktor hos Kjell Arve Tovsrud i Sigdal. Den er enda snillare i åkeren enn andre av same slaget. Denne MFen har nemleg ein slags plog framom kvart hjul, som skuvar vekstane i åkeren til sides i staden for å berre trakke dei ned. Slike stråskiljarar får du kjøpt ferdige, men Tovsrud har løyst det på sin eigen måte. Stråskiljarane består av eit rør, bøygd som ein L, og to fingrar på kvar side av hjulet.

Heile greia kan koplast av når traktoren ikkje går i sprøyting. Dei er monterte i kvar sin rørstubb, og låste med ein orepinne med spesiell klemme. Framme er røra fastskrudde, som du ser på biletet. Bak er røra sveisa fast til festet for skjermen. Stråskiljarane følgjer styringa framme, og er ikkje til hinder for fullt svingutslag.

Traktoren har langt fleire oljeuttak enn vanleg. På høgre skjerm har Tovsrud montert ei rekke med seks sleideventilar. Det skulle klare seg til dei fleste reiskapar.

Masseyen er også modifisert på fleire måtar. Lyktene er monterte inn i øvste delen av grillen. Haldaren for frontvektene er heimelaga. Framme til høgre, i døropningen, er den elektriske styringsboksen til sprøyta montert.

Powered by Labrador CMS