Små modellar toppar i Sverige
Det svenske traktorsalet er stabilt frå i fjor. For første gong på over 40 år har ikkje Valtra/Valmet/Volvo BM den mest selde modellen.
Det svenske tidsskriftet ATL har granska den svenske traktorstatistikken. I nabolandet vårt tør traktorimportørane å oppgi kva modellar som sel mest, og her har du lista, med talet selde traktorar i parentes:
1 New Holland TL 90 (209) 2 Valtra 700 (165) 3 Massey Ferguson 4335 (137) 4 Massey Ferguson 4355 (131) 5 Valtra 6200 (112) 6 New Holland TM 115 (98) 7 Valtra 8350 (89) 8 Valtra 6750 EcoPower (88) 9 Massey Ferguson 4235 (85)10 Valtra 6300 (78)
Om du trudde at den svenske traktormarknaden er dominert av store modellar frå John Deere og Case IH, tar du altså feil. Flesteparten av dei ti mest selde modellane er mellomstore traktorar i den rimelege klassen.
At John Deere ikkje er representert på lista over dei mest populære modellane, kan delvis skuldast omlegginga frå 6010 til 6020-serien, skriv ATL.
Som i Noreg dominerer fem merke heile traktormarknaden. Desse tar seg av 90 prosent av salet, mens 15 merke kjempar om resten. I denne gruppa har McCormick utmerka seg ved å gå frå null til 41 selde traktorar.
ATL stiller spørsmål ved om marknaden har plass til alle desse minste merka. Til dømes selde Ursus berre fem traktorar i fjor, og fire av dei var selde i første halvår.
Også i Sverige aukar salet av Fendt, som kjempar mot John Deere om kundar som vil køyre trinnlaust. Også CaseIH CVX sel ganske bra, og langt betre enn den identiske traktoren med Steyr som namn.