Skjerpa krav til traktorførarkort
Alle som i dag har lov å køyre traktor, kan køyre alt av traktorar også i framtida. Derimot blir krava skjerpa for alle som tar førarkort frå årsskiftet.
(Frå Bedre Gardsdrift nr 5 2004 - omtale av høyringsutkast, som då ikkje var vedtatt)
Eit framlegg til ny førarkortforskrift er akkurat sendt ut på høyring. Dette er eigentleg andre runde av høyringa som var ute i desember 2001, der Bedre Gardsdrift avslørte at det kunne bli krav om vogntoglappen for å køyre heilt ordinære landbrukstraktorar. Det var av grunnane til at innføringa av nye forskrifter for alle klassar den gongen vart stoppa. No har Vegdirektoratet gjort ein langt meir skikkeleg jobb. Landbruket har til og med vore representert i ei arbeidsgruppe som har arbeidd spesielt med det som gjeld traktor.
Køyrer i dag, kan køyre i morgonDenne gongen er det grunn til å vente at reglane vil bli vedtatt, med eventuelle justeringar etter høyringsfristen 11. august. Om Vegdirektoratet følgjer oppsett tidsplan, vil dei gjelde frå 1. januar 2005.
Reglane får ikkje tilbakeverkande kraft. Det betyr at alle som i dag har lov til å køyre traktor, får vidareført retten til å køyre alt som i dag finst av traktorar. Når du eventuelt skal byte førarkortet med eit nytt, må du passe på å få påstempla ein kode. Koden viser kva rettar du har. Dette skal du ikkje gjere enno. Følgjer du med i Bedre Gardsdrift, skal vi varsle om når tida er inne for dette, og korleis du går fram.
Klasse T med vektgrenseI dag kan du køyre traktor frå du fyller 16 år, om du tar førarkort klasse T. Det er ingen krav til opplæring. Teoriprøva og oppkøyringa må kunne seiast å vere ei smal sak. I tillegg kan alle med førarkort klasse B køyre traktor. Med traktor meiner vi alt som er registert som traktor, frå Gråtass og små japanarar, til Fastrac, Vario 930 og Challenger. Det finst ingen vektgrenser og ingen fartsgrenser knytt til førarkortet.
Alle som tar førarkort i framtida vil, om dagens framlegg blir vedtatt, ikkje kunne køyre traktor som er konstruert for fart over 40 km/h. Unntaket er om du tar førarkort for vogntog.
I tillegg ligg det inne ei vektgrense. Dei to første åra, eller fram til du fyller 21, må øvre tillatt totalvekt for traktor og hengar vere under 25 tonn. I praksis blir totalvekta lågare, av di du aldri klarer å utnytte tillatt totalvekt på traktor og hengar fullt ut. Har du hatt traktorlappen i minst to år, eller er over 21 år, er det inga vektgrense knytt til førarretten.
Tar du førarkort klasse T etter den nye forskrifta, blir bokstaven T ståande på førarkortet også om skaffar deg andre klassar.
T gjeld ikkje for mopedI dag gir traktorlappen rett til å køyre moped. Den retten fell bort slik høyringsutkastet ser ut. Altså må du ta førarkort på traktor og tohjuls eller tre-/firehjuls moped kvar for seg. Det finst ingen snarvegar mellom desse, bortsett frå at det trafikale grunnkurset for klasse T også dekkjer visse emne for mopedførarbeviset og motsett. Vegdirektoratet meiner at det er stor skilnad på køyrety med to eller fire hjul, og vil difor skilje desse tydelegare også i opplæringa. Det er i samsvar med signal frå EU. Det er lagt opp til at skuleverket skal kunne gi undervisning i mopedførarbeviset som valfag.
Onnehjelpa må ha BEDet kan bli verre å skaffe onnehjelp som er kvalifisert til å køyre traktor på offentleg veg i framtida. Det vil ikkje vere nok med klasse B, altså førarkort for personbil, for dei som tar førarkort etter første januar. Vegdirektoratet ynskjer å krevje klasse BE, altså personbil med tilhengar. Det skal gi same førarretten på traktor som klasse T for ein 16-åring. Med andre ord med ei øvre vektgrense.
Alle som tar førarkort før den datoen, kjem inn under dei nemnde overgangsordningane. Pass på å forklare onnehjelpa om det.
CE om det går fort Etter framlegget til ny forskrift må framtidige traktorførarar ta klasse CE, vogntog, for å kunne køyre over 40 km/h. Til dette førarkortet er det knytt strengare helsekrav. Styresmaktene kalkulerer kostnaden til sertifikat klasse CE til å verte kring 55 000 kroner. Eit anna spørsmål er kor aktuelt det blir med traktorar som går over 40 km/h. For tida er spørsmålet om slike traktorar til vurdering i Vegdirektoratet og Samferdsledepartementet, og Bedre Gardsdrift lovar å kome tilbake med meir informasjon om det.
Traktor=motorreiskapKøyrety i gruppa motorreiskap tatt inn under dei same førarkortkrava som traktor. Med motorreiskap tenkjer Vegdirektoratet på slikt som hjulgåande gravemaskiner, dumperar og den slags. Blir du stoppa langs vegen med treskar eller anna sjølvgåande haustemaskin, er du trygg om du har rett til å køyre traktor.
LES OGSÅ - Den nye føraropplæringa (vedtatt)- Nytt regelverk for førarkort (høyringsutkast)