Nettipset: Traktorleksikon på nett

Kor mange liter i minuttet gir MF 135? Kor tung er Ford 7740? Svar på slike spørsmål finn du på ei finsk nettside, som har data på mange hundre traktormodellar.

Publisert

Er 135'en frå 1973 eller 1974, gir pumpa 21 liter pr. minutt. Tidlegare utgåver gir 14,8 liter. 7740 veg 4390 kg, om den har firehjulstrekk. Modellen var i produksjon frå 1992 til 1997.

Nettsida vi refererer til heiter konedata.net. Kone på finsk har ingenting med kjerringa å gjere, men refererer til noko som mange kanskje har eit like lidenskapleg forhold til, i dette tilfellet traktorar og skurtreskarar.

Konedata.net er ei ikkje-komersiell side, laga for bønder og maskininteresserte. Alle dataopplysningar er (med få unntak) henta frå finske brosjyrer. Sjølv om sida er på finsk, er tekniske data delvis oppgitt også på engelsk. Dermed skulle dei fleste vere i stand til å lese det meste. Det kan vere smart å sjekke undersida "For Foreign Readers" før du klikkar deg vidare.

Som når du les brosjyrer, skal du ta opplysningane med ei lita klype salt. Likevel, dette er ei artig side om du jaktar på brukttraktor, lurer på kva data din eigen gammaltraktor har, eller om du berre er interessert i maskiner.

God surf!

Gå til www.konedata.net.

Sida ligg også på Ut i verden, under kategorien Moro.

Førre nettips: Trøndersk Landbruk

Powered by Labrador CMS