McCormick vil satse

Om kort tid vil McCormick søkje etter forhandlarar i Noreg. Dei vil klare seg utan sentral importør, og selje gjennom eit nett av sjølvstendige forhandlarar.

Publisert

I nokre område er aktuelle forhandlarar nesten klare. I andre område er det fritt fram, om du kan tenkje deg å selje dei gamle CaseIH-seriane CX og MX C. I løpet av året tar McCormic sikte på å ha utvida produktspekteret med både større og mindre traktorar. Frå McCormic-fabrikken blir vi forklart at den norske marknaden er for liten til at dei vil satse på eigen importør. Derimot har dei tru på å sende traktorar og reservedeler direkte til eit nett med franchiseavtale. Slik vi tolkar annonsa som går ut om kort tid, prioriterer dei å knyte til seg få, men solide forhandlarar.

Powered by Labrador CMS