Høgt traktorsal

Med dei gode tala frå januar, i tillegg til februar på nivå med fjoråret, er traktorsalet i 2005 opp 26 prosent frå 2004. Rekkefølgja er som den brukar å vere.

Publisert

I februar er MF oppe på andreplass på registreringsstatistikken. Til no i år ligg dei på fjerdeplass, bak New Holland og Valtra. John Deere er som vanleg i tet, med omlag kvar fjerde registrerte traktor.

I februar vart det registrert 250 traktorar, mot 232 i fjor. Til no i år er talet 620, mens same tal i fjor var 493. Med andre ord er ikkje dei svært gode registreringstala frå januar vidareført til februar, utan at det er grunn til å henge med nebbet likevel.

Powered by Labrador CMS