Fem rette til Nærbø
Magne Dubland frå Nærbø var ein av mange med alt rett i den førre konkurransen vår. Sjølv om mange klarte rett svar, var det også mange som bomma denne gongen.
Men det er ikkje for seint å prøve seg, vi har stadig nye bastardar som må løysast her på gardsdrift.no.
Hugs berre å skrive adressa di når du sender svar, om du vil ha håp om å vinne premie.
I alle fall, førre traktor var samansett som dette:
Framhjul, frontvekter med fundament, øvste del av panser og det fremste eksosrøret: Deutz-Fahr
Resten av panseret: Fiat
Grill: Case IH
Bakhjul, stigtrinn, dører og vindauge, og bakarste eksosrør: John Deere
Tak og bakskjermar: Landini