Stadig framgang

Traktormarknaden er i framgang. Til no i år er det registrert heile 5,2 prosent fleire traktorar enn i fjor. Mellom merka er det berre nyansar i skilnad frå juli.

Publisert

Mest påfallande er at Claas har fjerde beste registreringstal for august. New Holland er betre enn MF, men Deere er dobbelt så bra som nummer to den første månaden etter fellesferien.

Etter desse fire kjem Valtra og CaseIH, begge med tal som er litt daffe, stadig om vi ser på august-registreringane.

Ser vi på året under eitt, er John Deere på veg tilbake dit dei var i fjor, etter å ha ligge litt bakpå i det siste. MF held seg på andre. Valtra fell nokre tidels prosentpoeng. For New Holland og CaseIH er situasjonen nærast uendra frå kva den har vore dei seinare månadane. McCormick er litt betre enn i fjor, men litt tilbake frå førre månad. Claas klatrar, sjølv om plasseringa enno er åttandeplass, og andelen nyregistrerte er beskjedne fire prosent. Zetor er nærare eitt prosentpoeng betre enn i fjor.

I august vart der registrert nesten 50 prosent fleire traktorar enn same månad i 2005. Dette, kombinert med at det både er venta mange nye traktorar og påfølgjande marknadstiltak frå forhandlarane før året er omme, gjer at vi kan sjå fram til nok eit rekordår, om spådomane slår til.

Powered by Labrador CMS