No startar kampen

For første gong er Claas inne på den norske registreringsstatistikken. Det skjer i same månad som uroa på traktormarknaden tar til å vise att.

Publisert

Kva som er årsak og verknad, og kor mykje vi eigentleg skal tolke ut av desse tala, er det litt tidleg å seie noko om. Likevel er det ein del interessante rørsler å legge merke til.På førsteplass, både til no i år og for februar, finn vi som vanleg John Deere. No ser det ut til at tyskaren siktar seg inn på å ete opp ein tredel av kaka åleine. 72 registrerte traktorar i februar er svært bra, og er altså nærast ein tredel av alle registrerte denne månaden. Det blå merket sliter

Nest flest nyregistrerte i februar har LMBs Valtra, med 32 traktorar. Det gir tredjeplass så langt i år, berre fem traktorar bak New Holland. Det blå CNH-merket ser ut til å slite litt denne stutte månaden. Mindre enn ein traktor pr. dag er langt bak skjema for ein normalår.MF er ikkje så langt unna vanleg form. Rett nok ute av pallen, men MF har tradisjon for å vere litt meir variabel gjennom året. Difor er det interessant å legge merke til at prosenten for registreringar dei to første månadane i 2005 og 2006 er identisk, med 12,6 begge år. Kan ta seg ein skål

Så kjem noko som blir artig å følgje med på i år. McCormick er oppe på femteplass, plassen som erkekonkurrent CaseIH har hatt hevd på i lange tider. 6,3 prosent av dei nyregistrete er ein andel dei to importørsjefane Svein Storihle og Martin Aase kan ta seg ein skål for. Til samanlikning har CaseIH, som no siglar på A-K-skuta, 5,9 prosent og 34 traktorar på statistikken til no i år. Talet for februar åleine i fjor var 33 CaseIH-traktorar.Vidare merkar vi oss at Deutz-Fahr og Fendt er jamstore, og at JCB, som hadde eit moderat år i fjor, tar til å få ut ein og annan hurtigtraktor att.For første gong er Claas inne på lista, med 10 traktorar som alle er registrerte i februar. Dette skal vi ikkje legge for mykje i, for vi veit at LMB har ordna seg nokre demotraktorar. Registreringstal basert på reelt sal får vi ikkje før det går litt meir tid, men vi ynskjer franskmannen velkomen på statistikken.Elles kan det nemnast at registreringstala så langt ligg noko lågare enn tilsvarande i 2005. Det er snakk om 50 traktorar, men så var då også 2005 eit sjeldan godt år.

Powered by Labrador CMS