Nær døden ved kraftline

To skogsarbeidarar var nær ved å miste livet, då eit tre vart liggande over ei kraftline i Fjaler i Sunnfjord. No vurderer kraftselskapet eit erstatningskrav på fleire hundre tusen.

Publisert

Det kunne gått verkeleg gale for dei to utanlandske skogsarbeidarane, då ei gran fall ned på høgspentlina. Dei to meiner treet låg på kraftlina i kanskje fire minutt. For å få det bort, brukte dei motorsag og løfta på det, fortel avisa Firda.Linjene fører 60 000 volt, og på den tida dei to prøve å få bort treet, kopla straumen seg inn automatisk to-tre gongar. Det er med andre ord liten tvil om at dei to har hatt sitt livs flaks, som ikkje fekk straum i seg mens dei prøvde å få bort treet. Kunne bli grilla

Hadde dei tatt i treet, eller vore borti med motorsaga, dei gongane straumen kopla seg inn, ville dei rett og slett blitt grilla, og dei ville ikkje stått her i dag, seier montør Geir Magne Oppedal i Sunnfjord Energi.Han understrekar at alle som arbeider med skog nærare enn 30 meter frå ei høgspentline pliktar å varsle energiselskapet på førehand. Enkelte gongar blir då lina kopla ut, mens andre gongar kan e-verkets folk hjelpe med å gjennomføre skogsarbeidet på sikkert vis. Skjer det likevel at tre kjem borti lina, har han ei klar oppmoding: Gå bort frå treet, og gi straks melding til e-verket. Vurderer erstatningskrav

Sunnfjord Energi meiner at skogsentreprenøren handla grovt uaktsamt. Dei vurderer å melde saka til politiet.- Det var berre flaks at skogsarbeidarane overlevde. Dette ser vi svært alvorleg på, seier nettsjef Hilmar Fredriksen til Firda.Kring 4000 kundar var utan straum i 50 minutt på grunn av trefellinga. Seks montørar vart sendt ut for å finne feilen. Sunnfjord Energi meiner dei vart påført kostnader på mellom 300 000 og 500 000 kroner. Den rekninga vil dei sende til entreprenøren, og dei har dessutan fått råd om å melde entreprenøren til politiet. Entreprenøren hadde ikkje varsla om skogsarbeidet på førehand, og tok heller ikkje kontakt etter episoden.- Det viktigaste er likevel å hindre at slikt skjer igjen. Her heldt nesten liv på å gå tapt, og det kunne vore unngått om vi hadde vore varsla.

Powered by Labrador CMS