MF gjer eit hopp

John Deere er framleis solid i tet, men MF gjer eit byks til andreplass på registreringsstatistsikken for oktober. McCormick har sin beste månad så langt i år.

Publisert

Den engelske traktoren har registrert 19 køyrety i oktober, som er like mykje som dei to førre månadane til saman. Dette er 12 traktorar bak erkerival Case IH. Massey Ferguson har sin beste månad om vi måler i prosent marknadsandel.

John Deere ligg litt under gjennomsnittsnivået sitt i år, men det er neppe nokon i FK som søv dårleg av den grunn. Marginen til nummer to på lista, både for månaden og for året, er solid.

New Holland held andreplassen, året sett under eitt. Med sin gode oktober kjempar MF med Valtra om tredjeplassen, og for tida er det seks traktorar i skilnad på dei to.

Urørt av importørskifte

Case IH ser ut til å vere aldeles urørt av skiftet av importør så langt. Framleis vil det bli registrert Case IH selt av LMB sine forhandlarar, sjølv om A-K har overtatt importen frå 1. november. Dette skuldast leveringstid på bestilte traktorar, og sluttsal.

Oktober i år er så vidt svakare enn i fjor. Tradisjonelt er ikkje dette månaden for dei store traktorregistreringane. Til no i år er det registrert 200 fleire traktorar enn tilsvarande i fjor, så vi har framleis dekning for påstanden vår frå førre månad om at det blir eit bra år.

Powered by Labrador CMS