køyrelys på taket

Lovlege køyrelys på taket

Saman med Harry Solheim har Per Kjetil Lødøen bygd om lysopplegget på traktoren sin. No er der relé og godkjent omkopling mellom køyrelys i fronten og i taket.

Publisert

I Bedre Gardsdrift nr 2/05 startar vi ein liten serie om det elektriske systemet på traktoren. I første artikkel gir vi grunnleggande kunnskap om straum og spenning, og om korleis systemet fungerer.

Vidare tar vi for oss del for del. Funksjon, typiske feil, tips og informasjon. I neste artikkel forklarer vi korleis du koplar opp nytt utstyr, tips ved feilsøking, nyttig utstyr og korleis du brukar multimeteret.

Gjorde om heile lysopplegget

Harry og Per Kjetil er elevar på landbruksmekanikarlina på Stryn vidaregåande skule. Her kan du lese meir om korleis dei har gjort om lysa på ein JCB Fastrac. Den er laga slik at all straumen til hovudlysa må innom straumbrytaren.

Det er ei gammaldags løysing som kan gi svakare lys. Per Kjetil og faren ville ha køyrelys på taket. Då vart like godt heile lysopplegget gjort om. Før noko vart gjort, laga dei to elevane eit koplingsskjema.

Totalt er det sett inn fem relé. Fire av dei er enkeltverkande. Eitt er til nærlys framme, eitt til fjernlys framme, og dei to neste er tilsvarande for lysa på taket. Det femte reléet er dobbeltverkande. Det vil seie at det i ei stilling sender straumen til lysa i fronten, mens i den andre stillinga går straumen opp til taklysa.

Brukte om originale ledningar

- Vi har sett inn ein ny brytar som koplar om mellom taklys og frontlys. Elles har vi brukt dei originale lysbrytarane, og brukt ledningane til dei til å føre fram styrestraum. Også dei originale ledningane til lysa er brukt om att. Skilnaden er at no må ikkje all straumen gå omvegen om brytarane på instrumentpanelet. Grunnen til det femte reléet, er at det ikkje er lov å køyre med køyrelys både i fronten og på taket påslått samstundes. Difor har vi eit enten-eller-relé, forklarer dei to.

Å kople opp alt slik som dette, tok ikkje nemneverdig meir tid enn å berre legge opp nytt lysopplegg på taket.

Koplingsskjemaet kan vere noko ulikt frå traktor til traktor. Er du i tvil, kontaktar du verkstaden din, eller vi kan formidle kontakt med Per Kjetil, Harry eller skulen.

Har du spørsmål om emnet, eller tips til ting vi bør skrive om, kontaktar du oss pr. epost eller telefon. Sjå kontaktsida.

Powered by Labrador CMS