Kvar fjerde er JD

Felleskjøpet kan feire at kvar fjerne nyregistrerte traktor i 2005 er ein John Deere. Eik kan glede seg over at meir enn kvar fjerde registrering i desember er MF.

Publisert

No er årets registreringsstatistikk klar. Resultatlista er inga stor bombe. John Deere på topp, New Holland på andre og MF på tredje. Deretter Valtra og Case IH. Då har vi lista opp alle med meir enn ti prosent marknadsandel, og desse fem tar over 85 prosent av kaka.

Det har ikkje vore behov for målfoto på nokon av dei i toppen, men Massey Ferguson og Valtra har kjempa mot kvarandre delar av året. Først dei to siste månadane har dei raude franske traktorane klart å køyre ifrå sine finske halvsøsken.

2005 vart eit godt år for traktorsalet, faktisk det beste på ni år. 2005 er fjerde år på rad med vekst i traktorsalet.

Sterk sluttspurt

På statistikken for desember legg vi merke til at Eik har lagt inn ein tydeleg sluttspurt.

Både MF og Fendt har høgare registreringar i årets siste månader enn elles gjennom året. Kvart tredje skilt som er utlevert i julemånaden er skrudd fast på ein traktor frå Eik, og MF er klart mest registrerte merke.Også CaseIH har mange registreringar i desember. Om det skuldast demotraktorar hos nye-importøren A-K eller tøming av restlager hos LMB-forhandlarane veit vi ikkje, og det kan ta enda nokre månader før vi verkeleg ser utslag av importørskiftet.

Elles merkar vi oss at McCormick har sitt beste år i nyare tid både i tal registrerte traktorar, og i prosent marknadsdel. Merket har funne plassen sin mellom dei fem store og alle dei små, saman med Fendt like etter.

Ein langt meir detaljert statistikk med kommentarar finn du i BG 1/06. Du kan laste ned magasinet her.

"
Powered by Labrador CMS