John Deeres forsprang minkar

Registreringsstatistikken for 2004 er klar: John Deere er atter størst, med 22,5 prosent. Dei tre neste plassane er det tett kiving om: New Holland 18,4, MF 17,0 og Valtra 16,4.

Publisert

På femteplass finn vi CaseIH, som har gått frå å ligge stabilt ein plass kring åtte prosent, til å ligge stabilt kring 10 prosent gjennom heile 2004, og det raude CNH-merket enda opp på 10,7 då året var omme.

Totalt er det selt 3875 traktorar i Noreg i 2004. 529 av dei vart registrert i desember, 104 den siste veka av året.

Lista over dei mest selde traktorane ser slik ut (registrerte traktorar i heile 2004, marknadsandel i prosent i parentes):

1 John Deere 872 (22,5)2 New Holland 714 (18,4)3 Massey Ferguson 658 (17,0)4 Valtra 634 (16,4)5 Case IH 414 (10,7)6 Fendt 126 (3,3)7 McCormick 124 (3,2)8 Zetor 96 (2,5)9 Deutz-Fahr 81 (2,1) 10 Lamborghini 54 (1,4)

Hele lista, fleire detaljar og ikkje minst kommentarar til den norske traktormarknaden i 2004 finn du i Bedre Gardsdrift nr. 1/2005. Du kan laste ned bladet her.

"
Powered by Labrador CMS