Hopp og sprett

Oktober -06 er 30 prosent betre enn oktober -05. John Deere er denne månaden forbigått av både MF og New Holland, men framleis solid i tet året under eitt.

Publisert

I oktober fekk både Massey Ferguson og New Holland registrert 81 nye traktorar, og deler dermed førsteplassen for månaden. Bak seg har dei John Deere, som truleg har ein litt roleg periode i vente på 6030 og nye 7030. 74 nyregistrerte gjer at hjorten likevel ligg greitt på eit skjema for 1000 nye gjennom året.

Valtra har same andel av nyregistreringane i oktober som gjennom året.Claas har gått forbi Fendt, og pustar McCormick i nakken. CaseIH har hatt ein god månad, og held stand. Kampen er ikkje over, for firarbanden som kjempar om femteplassen. Vi veit at alle merke har ordrereservar dei er godt nøgde med, så mangt kan skje når desse vert levert.

Powered by Labrador CMS