Det blir eit godt år

Du kjenner ordtaket om at Av all løgn er statistikk den verste. Vi brukar registreringsstatistikken for september til å slå fast at 2005 blir eit bra år for traktorsalet.

Publisert

Alt no er det registrert fleire nye traktorar enn i heile 2001 eller 2002. Neste månad passerer vi totalregistreringane i 2002.

Sekundanten kan fortelje at vi ligg 7,7 prosent framom skjema frå fjoråret, og september 05 er 8,2 prosent over september 04.

Ser vi på dei enkelte merka, har Valtra flest registrerte av alle i september, og dette er finnens beste månad til no i år. Det andre merket LMB for tida har, som no er under avvikling der i huset, går ned. Det same gjeld John Deere og New Holland, mens MF for andre månad på rad er på veg oppatt frå det dårlege registreringstalet i feriemånaden. Då snakkar vi om prosent heile tida.

Ser vi på talet registrerte traktorar, har alle merke minst like mange nyregistrerte i september som dei hadde i august.

Powered by Labrador CMS