Agco har kjøpt Valtra

Valtra er blitt i familie med MF og Fendt. Det amerikanske storkonsernet Agco har kjøpt den finske traktorprodusenten, men det vil ikkje få konsekvensar for fabrikk, salsorganisasjon og kundar.

Publisert

For ei tid sidan meldte Valtra-eigar Kone at traktormerket var til sals, og motorfabrikken Sisu skulle følgje med på kjøpet. No er det slutt på uvissa.

Amerikanske Agco, som er av dei største aktørane på den internasjonale landbruksmarknaden, har kjøpt Valtra for 5,5 milliardar kroner. Frå før eig Agco traktormerka Massey Ferguson, Fendt og Challenger, i tillegg til mange amerikanske traktor- og treskarfabrikat.

Valtra held fram som eige traktormerke, med eiga produktutvikling og produksjon ved fabrikkane i Finland og Brasil. Distribusjonen skal førast vidare som i dag, i alle fall på dei viktigaste marknadane.

- Kundane vil ikkje merke den nye eigarskapen, seier Terje Brattestå i Valtra Norge. Han lovar at Valtra skal forbli Valtra, og at den norske salsorganisasjonen held fram som før.

Fleire detaljar om dette finn du i Bedre Gardsdrift nr. 7/2003, som du kan laste ned her.

"
Powered by Labrador CMS