Automatisk høytørke

I godt over 20 år har Sverre Linnestad på Blæstad arbeid med utvikling av eit betre konsept for høytørking. Dette inkluderer eit automatisk styresystem.

Publisert

(Fra Bedre Gardsdrift nr. 5/1998)

Ei automatisert Blæstadtørke skil seg frå tradisjonelle høytørker på tre punkt. Den har større kapasitet, betre fôrkvalitet og minimalt behov for manuell pass. Til ei komplett Blæstadtørke høyrer det med både moglegheit for omluft og automatisk styring. For at tørka skal virke skikkeleg, må laushøy leggast inn med teleskopfordelar eller kran. Du kan også bruke småbuntar (firkantballar).

Gamal ide

Sverre Linnestad fortel at han hadde ideen til ei slik tørke tidleg på 70-talet. Med andre ord så tidleg at det ikkje fanst teknologi som kunne brukast til den automatiske styringa. Etter kvart som teknologien har utvikla seg, har også ideane blitt arbeidd vidare med, og ein prototype har vore i drift på Blæstad i åtte år. Denne har vist at systemet fungerer.

Utforming

Tørka skal ha tørkerist på heile golvflata. Denne kan om ønskjeleg vere køyrbar. Veggane må vere lufttette opp til same høgde som høyet vert tørka. Dette for å ha god kontroll på luftgjennomgangen i høyet.

Det er viktig at høyet blir jamt fordelt ved innlegging. Innlegging av småbuntar krev nøye stabling, noko som aukar den store arbeidsinnsatsen desse frå før krev ved innhausting. Så sant innlegginga er jamn, vil også kvaliteten på fôret bli jamn, og det vil vere lettare å få jamn kvalitet i høytørka enn i siloen.

Stor kapasitet

I høve til ei vanleg høytørke skal Blæstadtørka ha minst 20 prosent betre kapasitet.

Luftmengda på tørka er større enn det som elles har vore vanleg, 1000 m3/m2 pr. time er tilrådd. Omluft og automatisk styring gjer det mogeleg å berge avlinga som høy under alle verforhold, også under andreslåtten om du kan sette til varme.

Graset skal køyrast inn før vassinnhaldet kjem under 50 prosent. Når graset blir tørrare, vil blada bli sprø og smuldre bort, og dermed taper du fort den delen av planten som gir det beste fôret.

Høy eller surfôr?

Sverre Linnestad meiner at både surfôr og høy er fullgode fôrslag, men ser ei rad positive sider ved å bruke høy som fôr likevel.

- Vi slepp jo både pressaft og etsande middel. Dessutan er ei høytørke mykje tryggare enn ein silo. Her er verken gass eller store fallhøgder. I eit høylager er det lettare for bonden å ha oversyn over kor mykje fôr han har til ei kvar tid, og han ser kva kvalitet han har på lager. Vidare er høyet mykje lettare å handtere i fjøsen, så lett at utfôringa gjerne kan gjerast utan dyre tekniske hjelpemiddel. I kalde periodar er høy glimrande. Men er fôrrasjonen basert på høy, bør dyra ha lettare tilgang til temperert vatn, slik at dei lett kan drikke mens dei et. Då trur eg at fôropptaket vil bli det same som ved bruk av surfôr.

Energibruk

Energibruken ved konserveringa av fôret er det neppe nokon skilnad på, men denne energien blir henta frå ulike prosessar. Ved høyberginga blir det meste av energien tilført i form av straum til å drive viftene, og betalt over straumrekninga. Blæstadtørka skil seg her frå andre høytørker ved at tørkeprosessen går fort, og ved at du er sikra mot at det skal gå varme i fôret. Difor er tapet frå plantane minimalt. Ved surfôrkonservering utan tilsetningsstoff kjem energien frå sukkerstoff i plantane. Denne reduksjonen i fôrverdi må kompenserast med anna fôr, som også har ein kostnad. Brukar du eit ensileringsmiddel, kostar også dette pengar.

Den faste kostnaden til ei høytørke er i alle fall ikkje større enn til ein silo med tilsvarande kapasitet. For dei som har ein stor låve ståande unytta, vil det vere rimeleg å byggje inn ei ny Blæstadtørke. Ved nyanlegg meiner Sverre Linnestad at investeringa i tørke eller silo kjem ut omlag likt, slik at der vil andre faktorar vere avgjerande.

Uansett har høytørka mindre vedlikehaldsbehov enn ein silo.

Automatisk styring

I programmet for den automatiske styringa er det lagt inn at ein ønskjer luft med tørkeevne gjennom høyet. Heilt fram til den siste tørkinga vil ein dessutan ha luft gjennom høyet heile tida, sjølv om lufta kanskje ikkje gir tørking. Styringa skal dessutan gi minimalt med manuelt arbeid.

For å få eit nokolunde godt resultat utan automatisk styring, måtte bonden hatt instrument for å bestemme fukta i høyet, og ved hjelp av hygrometer og likevektskurver kunne bestemt korleis viftene skulle køyrast. Dette måtte han passa på heile tida til høyet vart tørt. Med den automatiske styringa skal einaste arbeidet vere å starte tørka når ho blir teken i bruk, og sette på plass eit sett sensorar oppå høyet etter kvar innlegging.

Styringa består av ein boks med ei lita datamaskin og utgangar til to sett sensorar, viftene og motorar for styring av luker. I kvart sett sensorar er det ein som måler temperaturen og ein som måler den relative fukta i lufta. Dermed kan datamaskina rekne ut det totale vassinnhaldet i lufta. Eine settet skal stå ute, mens det andre står like over høyet. Prinsippet er at det heile tida skal kome ut meir vatn med lufta frå høyet enn det som går inn.

Når vassinnhaldet i lufta ute blir for stort, vil automatikken stenge for uteluft og opne for omluft. Dette vil gi ei viss tørking i øvste sjiktet, mens det nedste kan bli oppfukta. Det kan vere gunstig med ei slik fuktutjamning, sidan høyet på botnen har lett for å bli for tørt, og i alle fall toler ei mellombels oppfukting. Bygningen tørka står i vil kunne absorbere ein del av vatnet i lufta, og gi det frå seg dagen etter. Det ser faktisk ut til at du kan oppnå tørking lenge etter at utelufta har mista tørkeevnen ved å køyre på omluft.

Når vassinnhaldet over høyet tar til å bli lite og utelufta ikkje har tørkeevne, vil viftene gå over på intervalldrift. Då er høyet så tørt at det uansett ikkje skal vere nokon fare for varmgang, intervalldrifta er berre ei ekstra sikring. Når så høyet er tørt nok, vil automatikken stoppe viftene heilt. Alt blir styrt ut frå hyppige målingar frå dei to setta med sensorar.

Omluft

Ein av grunnane til at Blæstadtørka er så effektiv er at det blir brukt omluft. Når utelufta er for fuktig til å ha nokon tørkeeffekt, vil ei luke stenge for utelufta og opne for lufta i rommet. Lufta som kjem ut av høyet vil sirkulere ut i rommet før ho går gjennom vifta og høyet att. Viss tørka er plassert i ein stor låvebygning, kan mykje av vatnet i lufta bli absorbert av bygningen utan å gjere skade, og på den måten bli i stand til å tørke høyet enda meir. Ved sidan av at du unngår oppfukting, er dette ein av grunnane til at ei tørke med omluft har så stor kapasitet.

Ved normaldrift kjem lufta utefrå, og går ut av rommet etter å ha tatt opp vatn frå høyet. Som ventilar kan til dømes gluggar som er hengsla i overkant brukast.

Bruk av omluft kan med fordel brukast på korntørker når tørkinga foregår i tjukke sjikt, og er spesielt eigna for høytørking. Systemet er lite aktuelt på tradisjonelle plantørker.

Powered by Labrador CMS