Valtra er klar for eit nytt kapittel i Noreg. Vil det bli gode dagar, tru?

Eikmaskin klar med Valtra

Denne helga skjer det igjen: Valtra byter importør. Her får du den komplette lista over det nye forhandlarnettet.

Publisert

Den finske traktoren har gjennom åra klart kunststykket å vere mellom dei mest populære traktormerka i landet uansett kven som har stått for importen: Felleskjøpet, Valtra Norge og no sist Lantmännen Maskin. No startar eit nytt kapittel, der Valtraimporten blir samla i same hus som halvsøskena Massey Ferguson og Fendt. Ambisjonen er å halde både MF og Valtra på pallplass. Men ein ting er importleddet og ambisjonane derifrå. Det er ikkje hjelp i om jobben blir gjort godt der, om ikkje forhandlarleddet funkar. Eller motsett, for den del.

Utanlandske kart passar ikkje norsk terreng

Eikmaskin har stått på for å få lov å ha eit forhandlarnett tilpassa norske forhold. Eik-eigar Agco, som også eig dei tre traktormerka, har lagt strategiar og planer for korleis forhandlarstrukturen skal sjå ut kringom i verda. Her har det vore snakk om separate salskanalar for dei ulike merka, ulike profilar og så vidare.

Det kartet passar ikkje med det norske terrenget. Eit langstrekt land, med berre tre prosent dyrka mark, er ikkje tatt inn i amerikanske lærebøker i marknadsføring. Det har Eik klart å forklare til Agco.

– Gi nordmennene sjølvstyre

– Eg har sagt det til sjefane mine: La Trond og folka hans gjere det som dei vil. Det blir best om vi ikkje blandar oss, sa Massey Fergusons frontfigur Campbell Scott til Bedre Gardsdrift nyleg. Denne omtalte Trond er Eik-sjef Trond Kjempekjenn. Og Eik har fått gjere det som dei vil, ser det ut til.

Eik overtar alt ansvaret frå 1. oktober

Frå første dagen i oktober overtar Eikmaskin alle rettar og plikter knytt til distribusjonen av Valtra. Eik skal handtere nysal, men også ha ansvaret for alle garantisaker på eksisterande traktorar.

Nøkkelpersonar er med vidare

Fem av Valtra-medarbeidarane frå Lantmännen Maskin er blitt med over til Eikmaskin. Desse er Terje Kjemperud, Nils Kjølseth Sand, Haagen Brustad, Ingunn Sørby Slåtsveen og salssjef Tor Jon Garberg.

Eik-sjef Trond Kjempekjenn gler seg til å arbeide vidare med desse fem på laget.

– Dei vidarefører Valtra sine gode tradisjonar og ein tett kontakt med fabrikken. Vi gler oss til å samarbeide med nye kollegaer, seier Kjempekjenn.

Valtra kjem på vinterdemo

Tidleg i november kjem Valtra på demonstrasjonsturné i Noreg. Her får du sjansen til å gjere deg kjent både med nye traktorar og lokale representantar. For Akershus Traktor sin del, som er ein del av Valtras nye distribusjonsnett, startar det heile med utstilling i Letohallen like nord for Gardermoen 1. oktober.

Her får du kjøpt Valtra frå no:

  • Eiksenteret Sarpsborg
  • Eiksenteret Mysen
  • Akershus Traktor Hovedkontor Jessheim
  • Akershus Traktor avd Hamar
  • Eiksenteret Tolga
  • Akershus Traktor avd Vinstra
  • Akershus Traktor avd Mjøndalen
  • Akershus Traktor avd Hønefoss
  • Agder Traktor og maskin Hægeland
  • Eiksenteret Klepp
  • Eiksenteret Haugesund
  • Gules Mek og Landbruksverkstad Øystese
  • Eiksenteret Ørsta
  • Eiksenteret Malmefjorden
  • Maskinsenteret AS Førde
  • Maskinsenteret AS Sogndal
  • Akershus Traktor avd Klett
  • Akershus Traktor avd Fosen
  • Akershus Traktor avd Stjørdal
  • Akershus Traktor avd Verdal
  • Eiksenteret Bodø
  • Eiksenteret Mosjøen
  • Akershus Traktor avd Troms Storsteinnes
  • Trama Harstad
  • Eiksenteret Tana
     
Powered by Labrador CMS