1502reg-graf

Ein middels god runde i februar

Traktormarknaden i februar 2015 er nesten oppe på eit gjennomsnittleg nivå. John Deere går først i løypa og har med seg Valtra og MF i tetgruppa.

Publisert

Mens det var Massey Ferguson som låg og drog gjennom mykje av fjoråret, og også spurta inn til siger ved nyttår, er det no den meir vante situasjonen at John Deere ligg først i løypa. Valtra har gått hardt siste runden, har henta inn MF, og er no på andreplass. Den raude har kontakt, og ligg på bakskia til finnen. John Deere leiar med 24,0 prosent ved passering februar 2015.

Luke til CNH

Så kjem ei lita luke ned til New Holland, som er blitt hekta av etter ein sjeldan svak februar. Heller ikkje lagkamerat CaseIH ser ut til å vere i form, og det er grunn til å spørje seg om dei to er prega av uroa i A-K-leiren, eller om det er valutajusteringane som gir glepptak.

Heller ikkje Fendt på sjetteplass klarer å følgje opp fjorårsresultatet, og enda verre ser det ut for Deutz-Fahr, no nede på tiandeplass og forbigått både av Zetor og McCormick. McCormick er derimot i støtet, med eit mykje betre resultat enn kva vi såg i fjor på denne tida.

Lagkonkurransen

I lagkonkurransen har Felleskjøpet tatt teten, berre seks traktorar framom Eikmaskin. Tre traktorar bakom der følgjer Lantmännen. Her er ingenting avgjort, og vi må hugse at vi berre har lagt bak oss to av 12 etappar.

Er treningsgrunnlaget godt nok?

Det er dermed alt for tidleg til å seie om det gjennomsnittlege resultatet i februar vil halde seg, eller om det er eit signal om at marknaden tar til å kome i form att, etter det dårlege fjoråret. Det er som vanleg på dette stadiet ei viss spreiing i feltet, men vi veit at fleire av merka er godt i stand til å kome sterkt eller sprekke utover i løpet. Slik sett vil neste runding, om ein månad, bli ein interessant peikepinn.

Powered by Labrador CMS