Listhaug ny

Tar kritikarane feil?

Sylvi Listhaug slær fast at kritikarane tar feil, og brukar statistikk som sanningsvitne. Senterpartiets Geir Pollestad meiner ho brukar statistikken feil. Også Bedre Gardsdrift har statistikk...

Publisert

Politisk kvarter på NRK P2 starta dei to måndagsmorgonen med å hakke på kvarandre. Listhaug seier at pilene peikar oppover, og tar det til inntekt for eigen politikk at arealet dyrka jord gjekk opp i 2014 mot 2013. Pollestad meiner at det heng saman med noko Listhaug slett ikkje rår over: Elendig vêr i 2013 (slik at mykje areal ikkje vart verken sådd eller hausta) og godt vêr i 2014. Listhaug meiner vidare at det er til hennar ære at det var store investeringar første halvår 2014 og at det er auka interesse for å kjøpe mjølkekvotar. Pollestad meiner at investeringane i det første halvåret med den nye regjeringa sin politikk ikkje skuldast den nye regjeringa, og hevdar vidare at Listhaug ikkje fører FrP-politikk, i og med at regjeringas landbrukspolitikk vert modererert av KrF og Venstre. Utdrag frå debatten finn du i denne NRK-artikkelen.

Nemde ikkje traktorstatistikken

Ein statistikk som også seier noko om norske bønders syn på framtida, er registreringsstatistikken for traktor, som Bedre Gardsdrift presenterer kvar månad med ei grundig oppsummering i bladet kvar januar. Den viser ein klar og kraftig nedgang i 2014. Ein så bratt nedtur er vanskeleg å forklare med så veldig mange andre faktorar enn at bøndene er skeptiske til kva som er i vente.

Forventningsbarometeret

"

Faksimile frå Bedre Gardsdrift nr. 1 2015.

I Bedre Gardsdrift nr. 1 2015 kjem den komplette statistikken over traktormarknaden i 2014. Der følgjer også ei historisk analyse der professor Reidar Almås har gått gjennom Bedre Gardsdrifts historiske talmateriale. Almås seier mellom anna at traktorstatistikken ikkje støtt seier noko om korleis den økonomiske helsetilstanden i landbruket faktisk er. Den er heller ein indikator på kva forventningar bøndene hadde til framtida det aktuelle året. Grunnane til at bøndene investerer i ny traktor eller lar det vere er mange og samansette, men enkelte år er det lettare enn andre å skilje ut kva som ligg bak.

Bøndene: Sit på gjerdet pga Listhaug

Bedre Gardsdrift har også snakka med alle dei store traktorimportørane, og alle melder det same: Svært mange kundar sit på gjerdet av di dei er skeptiske til Listhaugs politikk. Men dei har planer om å halde seg flytande til førstkomande Stortingsval er unnagjort, og nyttar i mellomtida pengane til mindre risikable investeringar i reiskap, vedlikehald av jordvegen og slikt. Den vesle gruppa med dei største bøndene, der mange sjølve oppfattar at dei no får veldig mykje større overføringar enn dei har bruk for, omset ofte pengane i tyngre investeringar som til ein viss grad veg opp for at familiebruka knip att.

Nedskalerer rundt landbruket

Som Bedre Gardsdrift nyleg har fortalt om, er det ikkje berre mange av bøndene som har ein viss skepsis til kva som kjem. Maskinbransjen held fram med å nedskalere seg, fordi dei ser konturane av eit mindre landbruk. Det kan du mellom anna lese om i denne artikkelen om A-K maskiner, som er av landets største leverandørar av landbruksmaskiner. Alle dei store traktorimportørane ventar at nedgangen i traktormarknaden skal halde fram dei komande åra.

"
Powered by Labrador CMS