jd 5095E

Spania: +13 prosent

Den spanske traktormarknaden går opp, og bikkar 10 000 på eitt år. John Deere tar sigeren framom New Holland og CaseIH.

Publisert

Spania var av landa som vart hardt råka av finanskrisa, så ein viss framgang i traktormarkanden er såleis ikkje til å bli forundra av.

JD mot CNH

Spania har ingen nemneverdig innanlands traktorproduksjon, så her er det dei internasjonale konserna som kjempar i toppen.Gult og grønt er favoritten til spanske traktorkundar, med nesten 26 prosent av marknaden. Traktorane frå CNH gir John Deere hard konkurranse. Summerer vi CaseIH og New Holland, vert CNH hårfint større (109 traktorar) enn John Deere. Agco må ta til takke med å bli tredje størst med 1282 traktorar. Same Deutz-Fahr har samla 1197 traktorar. Tar vi merkestatistikken kan vi notere at Kubota er på fjerdeplass. Landini er fire gongar så stor som søskenmerket McCormick. Dei mange mindre italienske merka er godt representerte nedover lista. På den nedre delen av statistikken, som vi ikkje tar med i tabellen, er det også eit rikhaldig utval av traktorar frå Asia.

Mangslungen marknad

Totalt er det inne 53 ulike merke på lista. Merk deg at det også ser ut til at traktorregisterte ATV-ar er rekna med. Slik sett er ikkje dei spanske tala direkte samanliknbare med dei norske, då vi held ATV utanom. Spania kan heller ikkje samanliknast med Tyskland, som har ei nedre grense på 51 hk for å bli med i statistikken. Hos spanjolane spenner traktormarknaden frå Challenger til tohjulstraktorar, som i mange andre land kring Middelhavet. Dei aller minste, på to hjul, er ikkje med her.

Den spanske traktormarknaden omfattar alt frå flaggskip-traktorar til enkle og rimelege modellar i alle storleikar. Foto: John Deere

Powered by Labrador CMS