Nye Zetor Crystal.

Zetor Crystal fødd på ny

Det gamle namnet for stortraktor frå Zetor er henta fram til ein ny Zetor-serie på 144 og 163 hk. Her er alt det grunnleggande på plass, men peikeskjermar og fiksfakseri finst ikkje.

Publisert

Den tsjekkiske produsenten har som mål å utvikle traktorar opp til 200 hk dei næraste åra, og den nye Crystal-serien som no er klar for produksjon, er første steg på vegen.

Dei første traktorane til kunde vil vere klare utpå hausten. I tillegg til å følgje Zetors formspråk slik vi kjenner det frå dei siste åra, mellom anna med sølvfarga omramming av dei runde lyktene i fronten, har Crystal raude felgar. Det vil bli standard på alle Zetorar framover.

Deutz-motor

Zetor melde nyleg overgang frå sjølvbygde motorar til motorisering frå Deutz. Det gjeld også Crystal, som har fått ein 6,1-liters seksar frå Deutz. Den er utsleppsgodkjent etter Tier 4i-norma, med bruk av AdBlue. Dieseltanken rommar 300 liter, meir enn nok til ein dags arbeid.

Nye Zetor Crystal er eit alternativ for deg som både vil ha ny trekkraft og pengar att i lommeboka.

Tre hurtiggir

Heile konseptet med den nye traktoren er å tilby solid trekkraft med ein enkel konstruksjon, ser det ut til. Transmisjonen er på eit basisnivå, med to gruppegir, fem hovudgir og tre hurtiggir, i tillegg til kløtsjfritt vendegir. Hurtiggira har automatikk du kan slå av og på, og traktoren har knappekløtsj. 

Zetor melder om lågt effekttap, men samstundes godt utval av gir i hovudarbeidsområdet. Krafuttaket har også godt utval, med fire hastigheiter og høve for vegavhengig kraftuttak som tilval.

Mekanisk hydraulikkbetjening

Crystal blir levert med EHR med Bosch sitt betjeningspanel, vel å merke med Bosch sitt såkalla Hitch Tronic-system. Løftekrafta er 8500 kg.

Firhjulsdrift og sperrer har automatikk. Også kraftuttaket kan slå seg automatisk av og på, regulert av posisjonen på trekkstengene. Hydraulikken har fri retur og tre dobbeltverkande uttak med tradisjonelle sleideventilar og lange spakar ved høgre B-stolpe. Den leverer 85 l/min.

Aukar komforten

Intereriøret i nye Zetor Crystal.

Du kan få traktorane med fjøra framaksling frå Carraro. Den kan vere automatisk nivellert, låst eller du kan regulere den opp og ned etter ønske. Også hytta kan leverast med fjøring.

Hytta ser ut til å vere ein tilpassa variant av den vi kjenner frå Frontera og Proxima, vel å merke no med eit støynivå nede på 73 desibel. Interiøret er oppgradert til Crystal. For kalde dagar er det greitt å notere at Zetor også på dei store tilbyr varme i speglane og varmetrådar i bakruta.

Utfordrar fabrikkar enda lenger aust

Sjef for Zetor-importør HCP, Lars Wear, meiner den nye Crystal-modellen er ei spennande utvikling.

– Dette er ein traktor som utfordrar dei større merka på kvalitet og teknikk. Zetor held fast på å produsere i Tsjekkia, og med det innanfor EU, for ikkje å gå på kompromiss med kvaliteten. Stort sett alle andre merke har flytta delar av produksjonen sin til lågtløns-land som Tyrkia, India eller Kina.

Powered by Labrador CMS