Claas Avero 160_1
Claas Avero 160_1

Statens tilbod: Noko å stridast om

Staten meiner å ha gitt eit godt tilbod, rekna i prosent. Bondelagsleiaren poengterer at hans medlemmer lever av kroner, og er grundig skuffa. Småbrukarlaget er dessutan sterkt uroa for miljøprofilen. 

Publisert

Staten vil prioritere kornproduksjonen, og lokkar med fem til åtte øre meir pr. kg.

Leiar i Bondelaget, Lars Petter Bartnes, konstaterer at landbruket og Staten er samde om ein ting: Dette blir krevjande. Krevjande var ordet Statens forhandlingsleiar Leif Forsell brukte då han tok imot landbrukets krav, og krevjande er ordet Bondelaget og Småbrukarlaget føler for å bruke nå dei diplomatisk skal ytre seg om sjansen for at det blir forhandlingar.

Skuffa og uroa eller med framtidstru?

Mens leiarane for dei to landbruksorganisasjonane uttrykkjer stor uro og misnøye med eit tilbod som er verre enn venta, meiner Statens mann å ha lagt fram eit godt tilbod i tider der andre viser moderasjon.

2,7 eller 1,75 eller 10,5 (delt på to) prosent?

I tilbodet frå regjeringa er det mellom anna vist til at LO og NHO er komne til semje utan mekling, med ein årslønsvekst i industrien i NHO-området på 2,7 prosent i 2015. Andre fullførte oppgjer i industrien har det gått likeins med, og i det offentlege er også ramma i same området.

Forsell seier vidare at landbruket alt før årets oppgjer har ein vekst frå 2014 til 2016 på 8,7 prosent, og at regjeringa tilbyr å plusse på 1,75 prosent. Dermed får han eit reknestykke med 10,5 prosent på to år. Han viser også til at inntektsauken frå i fjor til i år vart større enn føresett i fjorårets oppgjer. Fleire har kommentert at regjeringa med denne reknemåten drar med seg både godt vêr og låg rente på heller fiffig vis.

Kor blir det av effektivitetsgevinsten?

I dokumentet frå regjeringa blir det nemnt at landbruket siste ti åra har hatt ein gjennomsnittleg produktivitetsvekst på 4,4 prosent, om enn mindre dei siste åra enn først i perioden. Tilsvarande produktivitetsvekst i industrien er 1,6 prosent, mens gjennomsnittleg vekst i Fastlands-Noreg er 1,1 prosent. Det er ikkje gjort greie for kor gevinsten av denne ekstraordinære produktivitetsveksten blir av.

Aukar målprisane 0,1 prosent

Regjeringa vil auke målprisane med 0,1 prosent, som er vesentleg under landbrukets krav. Dette vil gi 190 millionar i auka inntekter. Grunnen til at regjeringa ikkje vil ha høgare prisauke er konkurransen frå importerte varer og grensehandelen.

Kuttar i løyvingane

Løyvingane over statsbudsjettet er foreslått kutta med 110 millionar kroner. Av budsjettmidlane skal ein større del gå til auka kornpris, der målet er å gå opp fem til åtte øre pr. kg. Regjeringa legg også vekt på at kraftfôrprisen ikkje skal auke.

Forenklingar

Forenklingane regjeringa meiner kom gjennom fjorårets landbruksoppgjer blir vidareført med nye forenklingar. Forsell var ikkje klar på kva område det er snakk om på pressekonferansen, men han kunne fortelje at fleire av tiltaka er utgreia i arbeidsgrupper gjennom vinteren.

–Landbruket har deltatt i desse arbeidsgruppene, og i ein del tilfelle har dei også vore einige i tiltaka som vert fremja, framheva Forsell.

Ryddar vegkantar på Vestlandet

Ei ny ordning som regjeringa foreslår å gi tilskot til er rydding kulturlandskap, vegkantar og sånt. Dette er viktig for både landbruket og reiselivet, og det ligg inne ei løyving på 20 millionar kroner til fordeling på fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Kuttar fraktutjamning for pelsdyr

I og med at pelsdyrnæringa konkurrerer på ein internasjonal marknad, vil regjeringa avvikle fraktutjamningstilskotet for pelsdyrfôr som i si tid vart innført for å sikre meir likeverdige forhold for pelsdyroppdrett over heile landet. Dette gir ei innsparing på 17,8 millionar kroner.

Det store stridstemaet: Område for mjølkekvotar

Regjeringa og landbruksorganisasjonane er tydeleg svært usamde om både korleis landet skal vere delt i område for mjølkekvotar, og om dette i det heile høyrer heime i eit landbruksoppgjer. Mens landbruksrepresentantane framheva at dette er eit så viktig politisk verktøy at det bør takast opp i ei Stortingsmelding og avgjerast av Stortinget, poengterte Forsell at kvoteordninga støtt har vore ein del av jordbruksavtalen.

Regjeringa føreslår ei ordning med sju til ni regionar, og inviterer landbruket til drøftingar innanfor denne ramma. Denne forhandlingsramma vart på pressekonferansen kommentert til å vere "veldig spesiell" av Aftenpostens journalist, men forhandlingsleiaren for Staten står fast på at framlegget er godt:– Då får vi meir einsarta rammevilkår, mindre variasjon i pris og vi vidarefører distriktsmomentet, seier Forsell. Bondelaget og Småbrukarlaget held fast på 18 distrikt, og meiner ein reduksjon vil svekke distrikta og vere i strid med Stortingets vilje.

Korleis 6000 kan bli meir enn 16000

Bondelagsleiar Bartnes meiner at landbrukets krav om 24 000 kroner pr. årsverk er moderat, og samstundes naudsynt for å sikre utviklinga i landbruket og bidra til å tette inntektsgapet til andre grupper. Dette gapet er i området 150 til 200 000 kroner pr. årsverk. Han er ikkje villig til å erkjenne at kravet er høgt i ei tid der alle andre grupper godtar moderate lønsoppgjer. Tvert imot meiner han dette er eit godt høve til å bidra til å tette gapet.

Statens tilbod tilsvarer 6000 kroner pr. årsverk, slik Forsell presenterer det. Gjennomsnittet for samanliknbare grupper er 16 000 kroner. Dei to bondeorganisasjonane hevdar at 6000 kroner er mindre enn 16 000 kroner, mens statens mann meiner at landbruket får meir enn andre, all den tid han meiner det er politisk semje om å rekne i prosent i staden for i kroner.

Klart før 14. mai?

Begge landbruksorganisasjonane vil no ta med seg tilbodet og vurdere om det finst grunnlag for forhandlingar. Forsell er optimist, og meiner at det er blitt avtale trass større sprik tidlegare. Målet er at forhandlingane skal vere ferdige til 14. mai.

Powered by Labrador CMS