grasdag rd lely slå
grasdag rd lely slå

Fagmøte for maskinentreprenørar

Onsdag 11. mars blir det møte om traktorar og trafikkreglar, GPS-styring og utfordingar for landbruksentreprenørar i Vindafjord nord i Rogaland. Bedre Gardsdrift, Datavekst og ein lokal entreprenør held innlegg. 

Publisert

Bruk av GPS er eitt av emna som blir tatt opp.

Møtet finn stad i Vindafjordhallen i Nedre Vats, tre kvarters køyring aust for Haugesund. Det er Haugaland Maskinring som står bak møtet, som tek opp emne som kan fenge både folk som driv leigekøyring/entreprenørarbeid og ganske mange andre. Møtet er ope for alle, men Haugaland Maskinring vil helst ha påmelding av omsyn til matserveringa. Du kan melde deg på her.

Nytteverdien av GPS

Ein representant frå Datavekst skal snakke om GPS-styring i landbruket.

Glimt frå kvardagen

Jacob Eskeland skal snakke om sine utfordringar som landbruksentreprenør.

Trafikkreglar, og ulukker

I tillegg deltek Jogeir M. Agjeld frå Bedre Gardsdrift med to bolkar i programmet. Den eine handlar om traktor og reiskap i trafikken, der ymse trafikkreglar blir omtalte. Den andre går på ulukker med traktor og reiskap.

Møtet startar klokka 19.30, og Haugaland maskinring legg opp til at det skal bli god tid til drøs og mat. Bedre Gardsdrifts representant forlèt ikkje lokalet før enn alle som har noko dei vil drøfte har fått sagt det dei vil.

"
Powered by Labrador CMS