Ferrari Vega Dualsteer 09

Italiensk uro for traktormarknaden

Italiensk landbruksmaskinbransje vil be EU om utsetting av neste trinn av eksosreguleringane for smalsportraktorar. Dei fryktar at kvar traktor frå 2017 blir over 30 prosent dyrare enn i dag.

Publisert

Italia er store på produksjon av kompakte traktorar, men bransjen fryktar no svært stor kostnadsauke for å oppfylle nye utsleppskrav.

Den italienske traktormarknaden er av dei største i Europa. For tida peikar nesten alle piler nedover. 2014 vart dårleg, og første kvartal 2015 held fram med nesten 10 prosent i minus for traktorane. Faktisk har heile perioden frå 2009 vore ein einaste lang nedtur.

Den einaste typen traktorar som skil seg positivt ut er smalsportraktorane, som i det minste står omlag stille. No fryktar produsentane, som i stor grad er nettopp italienske, at nye utsleppskrav frå 2017 skal havarere marknaden. I dag utgjer smalsportraktorane ein tredel av den italienske traktormarknaden. – Å konstruere eit godkjent rensesystem i ein traktorkropp som er bygd for å vere så kompakt som råd er svært krevjande. På andre traktorar kan mykje av grunnkonstruksjonen forbli som før, med nokre ekstra komponentar utanpå traktorkroppen. Slik er det ikkje med smalsportraktorane. Her må heile grunnkonstruksjonen gjerast om, og det vil koste svært mykje, melder organisasjonen for italienske landbruksmaskinprodusentar.

Frykta er at mange kundar enten utset fornyinga av traktorane eller kuttar drifta. Det kan også tenkjast at enkelte tilpassar driftsopplegget til ordinære traktorar, med dårlegare arealutnytting som resultat.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS