traktorar eldre

Spinnvill traktor-matte i Dagbladet

Det finst omlag 250 000 traktorar i Noreg. Dagbladet får det til å bli nesten fem traktorar pr. aktive bonde. Her må det til ein fakta-sjekk.

Publisert

Det finst ganske mange traktorar i Noreg. Men dagens aktive bønder rår ikkje over alle åleine.

I Norge finnes det i dag 259 147 traktorer, men «bare» 43 525 bønder. Det betyr svært mange traktorer per bonde, skriv Dagbladet.

Begge tala er korrekte, men konklusjonen er på jordet.

Byter omlag kvart 15. år

Dei siste ti åra er det nyregistrert 37 267 traktorar. Ein del av desse, truleg noko slikt som mellom 20 og 30 prosent, er brukte til heilt andre ting enn landbruk. Til dømes kyrkjegardstraktorar, parktraktorar, golftraktorar, kommunetraktorar, vaktmeistertraktorar og så vidare. Det betyr det er meir enn ti år mellom kvar gong norske bønder byter ut den viktigaste arbeidsmaskina si. Kan hende femten år, noko som grovt rekna gir ein gjennomsnittsalder på den nyaste traktoren på garden på sju-åtte år. Til samanlikning blir personbilane vraka når dei i gjennomsnitt er drygt 18 år.

Halvparten er veteranar

Dagbladets kvarte million traktorar fordeler seg grovt rekna på tre periodar. Omlag ein tredel er nyare enn 1987-modell. Dei 11 åra frå 1977 til 1987 var glade dagar for traktorbransjen, med 84 604 nyregistrerte traktorar. Den siste tredelen av traktorane Dagbladet fordeler på den norske bondestanden er frå før 1977. Det kan også nemnast at grensa for å vere veterantraktor i skrivande stund er å finne ein plass i året 1984. Over halvparten av dei registrerte traktorane i Noreg er veterantraktorar.

På bruk ute av drift

" Med "43 525 bønder" trur vi Dagbladet meiner "jordbrukseigedomar i drift". Statistisk Sentralbyrå har tal tilsvarande tal til dømes frå jordbruksteljingane i 1979 (125 302) og 1989 (99 382). Eit nokolunde oppvakt menneske forstår at dei fleste av dei 81 777 bruka som er gått ut av drift sidan 1979 har tatt vare på traktoren sin. Dei fleste som har ferdast ute på bygdene har kan hende også merka seg at enkelte nedlagte bruk har ein gammaltraktor og ein litt nyare, til snørydding, vedarbeid og sånne ting. Det kostar ikkje mykje å ha ein veteran ståande, og ein del traktorar er registerte utan at dei nokon gong vert flytta på.

Ulike behov og bruksområde

For dei som kan hende ikkje er heilt inne i faget, kan vi opplyse at traktorar finst i ulike storleikar og med ulike eigenskapar. For eit aktivt bruk er det kan hende behov for ein stor traktor til å dra såmaskina, ein annan som kan bidra med å laste opp såfrø og gjødsel, og ein tredje med smale hjul for å køyre åkersprøyte og gjødselspreiar. På same vis som at ein maskinentreprenør både kan ha bruk for ein lastebil og ein pick-up, sjølv om han er berre ein mann. Eller at ein journalist har to kamera.

Ingen Skup-pris her, nei

I den opprinnelege versjonen prøvde Dagbladet å få det til å sjå ut til at svenske bønder hadde langt færre traktorar enn norske, ein påstand som i skrivande stund delvis er trekt då den viste seg å vere feil. Svenske tal er nemleg ganske like dei norske.

Tala som Dagbladet har nytta seg av gir det svaret dei publiserer. Men føresetnadene for svaret er feil, og då blir også konklusjonen feil.

Powered by Labrador CMS