fendt veg 50 kmh

Transport-forbruk i PowerMix

Er du av dei som les traktortestane i Bedre Gardsdrift med stor interesse: Om ikkje lenge får du også samanliknbare tal på drivstofforbruket i transport i PowerMix-testane.

Publisert

Det er her det skjer: Når DLG testar drivstoffobruk og andre tekniske data på traktorar, er det ikkje snakk om tilfeldigheiter. Resultatet er Europas mest anerkjente traktortestar. Foto: DLG

I kvar andre utgåve av Bedre Gardsdrift presenterer vi ein traktortest frå vår tyske kollega Profi, utført av den velrenommerte testinstitusjonen DLG. Både vi og mange andre meiner dette er dei beste traktortestane som er å oppdrive, og produsentane legg stor vekt på kva forbruksmålingar dei oppnår i PowerMix-testane. Dette er testsyklusar som blir køyrde med vitskapleg presisjon, identisk gjennomført, der belastninga er tilpassa storleiken på traktoren, og der forbruket blir målt i situasjonar som så lang det lar seg gjere tilsvarer verkeleg bruk. Til dømes lett og tung jordarbeiding, lett og tungt kraftuttaksarbeid osv.

Har venta med transport-forbruk

Ein operasjon det har mangla tal på er transportarbeid. Dette har vore meininga å ha med heilt frå starten, men DLG har meint at det er viktigare å kome fram til ei testprosedyre som gir korrekt resultat heller enn å kunne presentere enda eit tal i full fart.

No er det utvikla både prosedyrar og utstyr som gir tal som kan forsvarast. Utstyret er utvikla i nært samarbeid med både maskinbransje og forskarar, og eit brukarpanel der det også sit mange dyktige bønder.

Etterliknar verkeleg køyring

Sjølve testen blir gjort med ei spesialoppbygd påhengsvogn som vert køyrd på ei sirkelbane. Eigne dataprogram styrer belastning og gir signal om korleis køyringa skal føregå, slik at det både kjem resultat for transportarbeid langs veg og for transportkøyring i terrenget. Belastninga på vogna vert auka med 700 kg pr. 10 kW motoreffekt.

Litt meir enn berre eit litermål

Måling av dieselforbruk er nemleg ikkje noko du berre gjer med eit litermål heime på tunet. Skal traktor A og traktor B kunne samanliknast, må for det første testen vere likt gjennomført til ei kvar tid. For det andre må sjølve testsyklusen vere slik at den tilsvarer køyringa du normalt utfører. Det skaper lite truverde om du les i bladet at traktoren brukar 12 liter pr. time, om den heime hos deg drikk 22 liter pr. time.

Berre i Bedre Gardsdrift

Vil du fordjupe deg i traktortestane våre, inkludert forbruksmålingane i PowerMix, og få ei solid dose anna fagstoff på kjøpet, kan du teikne abonnement på Bedre Gardsdrift her. Om du ikkje frå før er av dei over 17 000 abonnentane våre, då. Bedre Gardsdrift har norsk einerett på traktortestane frå Profi, der du finn PowerMix-målingane.

"
Powered by Labrador CMS