MF4709-5661_76192

Nye små frå MF

Massey Fergusons lenge varsla traktorprosjekt for effektklassen 60 til 130 hk tar til å ta form. Først ute er ein 80-hestar for Afrika. Snart er ein europeisk versjon med hytte klar for Noreg.

Publisert

Den første traktoren får nummeret 4708, og banar veg for både ein ny 2700-serie og ein 4700-serie. Desse vil vere moduloppbygde, med fire alternative transmisjonar og valet mellom open førarplass, førarplass med tak eller komplett hytte. Også ei rad av andre spesifikasjonar vil ha eit vidt spenn, men detaljane er ikkje kjente enno. Det er venta at traktorar spesifiserte til å høve for den norske marknaden vil kome i løpet av eit par år.

Enkelt er populært

Den nye FM 4700-serien kjem først i enkle utgåver utan hytte.

Det er ingen løyndom at traktorane kan kategoriserast som enkle. Så er da også dei ganske enkle traktorane svært etterspurde på verdsmarknaden. Agco forventar at traktorane bygde på denne plattforma skal generere årlege salsinntekter på kring ein milliard dollar når dei aktuelle seriane er komplette. – Vi har spurd bønder over heile verda kva dei ynskjer seg, og bygd inn desse eigenskapane i eit traktorkonsept som lar seg tilpasse alt frå glovarmt klima midt i Afrika til kulde i nord, frå store flate åkerstepper til tronge dyrkingsfelt for valnøtter i Italia eller blaute risåkrar i Asia, seier Gary Collar, ein av toppsjefane i Agco.

Starta med blanke ark

Konstruksjonen av traktoren starta med heilt blanke ark, og har resultert i at 90 prosent av delane til traktoren er heilt nye. Utviklingsprosjektet er det største i Agco si historie, med ein kostnad på kring 2,2 milliardar kroner. Agco vart etablert i 1990, og omfattar merka Massey Ferguson, Fendt, Valtra og Challenger. For Massey Ferguson er traktorar i denne storleiken svært viktige. Merket er sterkt etablert i Afrika og andre område over heile verda der dei enkle traktorane er etterspurde. At ein serie som er meint for heile verda, inklusive kravstore marknader som her nordvest i Europa, først blir slept i afrikansk versjon, er både spesielt og verd å merke seg.

Brasil, India, Tyrkia og Kina

Dei nye traktorane vil bli monterte på fabrikkar i Brasil, India, Tyrkia og Kina. Den nybygde fabrikken i Kina vil ha ei nøkkelrolle, med både sluttmontering til visse marknader og produksjon av kjernekomponentar for dei andre fabrikkane. Denne fabrikken er 100 prosent eigd av Agco, med det siste i verktøy, utstyr og rutinar, blir det lova.

Powered by Labrador CMS