valtra t rask 50 kmh veg lastar

Ber ministeren innføre 50-lappen

Senterpartiet skuldar Vegdirektoratet for omkamp om 50-lappen basert på allereie kjente motførestellingar, og ber Samferdsleministeren ordne opp.

Publisert

Som Bedre Gardsdrift kunne melde førre veke, konkluderer Vegdirektoratet med at arbeidet med å innføre eit eige førarkort for 50 km/h-traktor blir utsett, mellom anna basert på innspel i høyringsrunden. Dette mislikar Senterpartiet. Deira samferdslepolitiske talsperson Janne Sjelmo Nordås har difor sendt dette spørsmålet til Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen:

" Samferdselsdepartementet ba sommeren 2013 Vegdirektoratet om å sørge for at det skulle bli enklere å få lov å kjøre traktor registrert for 50km/t. Det ble kommunisert ut fra departementet en forventning om at dette skulle være på plass høsten 2013. Nå viser det seg at Vegdirektoratet forsøker seg på omkamp basert på allerede kjente motforestillinger. Vil statsråden ta ansvar for å få dette innført i tråd med bestilling fra forrige regjering?

Statsråden har frist på seg til 4. februar for å svare. Du vil finne svaret her på gardsdrift.no når det er klart.

Geir Pollestad er skuffa over at 50-lappen ikkje er innført enno.

Stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp), som var statssekretær i Samferdsledepartementet og den som leia arbeidet med å få til 50-lappen som den har vore skissert, seier til Bedre Gardsdrift at han ser det som uheldig at samferdsleministeren har late denne saka dra ut i tid. – Det er i politisk oppgåve å finne ei balansert løysing på dette, og no må samferdsleministeren ta tak og få rydda opp. Det er ingen gode argument for å stoppe framlegget, og eg oppfatta at også FrP meinte det var ei god løysing vi la opp til, seier Pollestad.

I dag er det slik at du kan køyre traktor med konstruktiv hastigheit over 40 km/h om du har førarkort klasse B eller betre tatt før 1.1.2005. For alle som har tatt førarkort etter denne datoen, må du i praksis ha klasse CE (lastebilvogntog) for å kunne køyre slike traktorar. Framlegget frå Vegdirektoratet, diktert frå dåverande leiing i samferdsledepartementet, går ut på at personar som har førarrett til traktor kan ta eit tilleggskurs på fem timar. Gjennomført kurs gir førarrett til traktor med konstruktiv hastigheit inntil 50 km/h.

"
Powered by Labrador CMS