mf 6600 veg
mf 6600 veg

ABC om 50-lappen

Her er alt du lurer på om 50-lappen. Kven gjeld den for, kva krav gjeld for køyreopplæringa, kor finn du forskrifta, når du kan ta den, kva kode skal du ha og så vidare.

Publisert

Snart har det gått ti år der nye traktorførarar har måtta ta vogntoglappen for å køyre 50 km/h-traktor. Endeleg er saka løyst.

Snart har det gått ti år der nye traktorførarar har måtta ta vogntoglappen for å køyre 50 km/h-traktor. Endeleg er saka løyst. Her har du svar på dei fleste spørsmål om emnet. Er der noko du ikkje finn svar på i artikkelen, er du sjølvsagt velkomen til å ta kontakt, så legg vi ut spørsmål og svar om det er relevant for fleire.

Dette kan BGDet er ingen løyndom at Bedre Gardsdrift har vore tett på arbeidet med 50-lappen, ei sak der vi i samarbeid med Norges Bondelag og TLIF både har vore aktiv og direkte pådrivarar gjennom mange år, og der vi har bidratt i det felles høyringssvaret frå landbruket. Såleis har vi god kunnskap om saka, og vi er glade for at mange års hardt arbeid gir resultat.

Merknader - Omtalte vekt- og fartsgrenser er knytt til førarretten. Reglar for bruk av køyretyet kan i kvart enkelt tilfelle sette andre avgrensingar, som til dømes fartsgrenseskilt og reglar for kor tung hengaren kan vere i høve til traktoren.- Vi har brukt omgrepet "førarkort" slik det blir brukt i daglegtalen, og meiner det same som det fagleg korrekte "førarrett".- Alle variantar av førarrett som gjeld traktor gjeld likeins for motorreiskap, med same avgrensingar for tilhengar, fart og vekt som for traktor. Motorreiskap omfattar slikt som sjølvgåande haustemaskiner (treskar, snittar osv), hjullastar, hjulgåande gravemaskiner, mobilkraner og andre ikkje registreringspliktige arbeidsmaskiner.- Det som er nemnt for tilhengar gjeld likeverdig for tilhengarreiskap (som gjødselvogner, tømmervogner, slepereiskap osv)

Spørsmålsliste - klikk på spørsmålet for å gå direkte til svaret Gjeld dette meg?" Kva rettar har eg i dag?" Kva er 50-lappen? " Kva rettar gir 50-lappen?" Kor kan eg ta opplæring?" Kva er kravet til køyreskulelæraren?" Kva inneheld kurset for 50-lappen?" Når kan eg ta kurset?" Har kurset avsluttande prøve? " Kva er kravet til køyreskuletraktor? " Kva veit trafikkstasjonane om dette?" Kva med kravet til yrkessjåførkompetanse?" Kva land og nasjonalitetar er omfatta av endringane?" Kor lenge varer førarkortet?" Kor kan eg lese heile forskrifta?Fleire spørsmål?

I 2005 laga vi ei liste over kodar du kan få på førarkortet. Den er framleis aktuell, og du finn den her.

" Gjeld dette meg? Ja, dersom du har tatt førarkort klasse T eller BE etter 1. januar 2005, og ikkje har høgare førarkortklasse enn det.Tja, dersom du ikkje tok klasse B eller T før 1. januar 2005, og har C1E eller høgare og ynskjer fri vektgrense og/eller lengre levetid på førarretten og/eller vil sleppe å ta yrkessjåførkompetansebevis for å køyre 50 km/h-traktor. Nei, dersom du har førarkort klasse B eller T tatt før 1. januar 2005. Då treng du ikkje bry deg. Du treng ikkje lese vidare, og du kan køyre som før.

Oppatt til spørsmålslista

" Kva rettar har eg i dag? Har du førarkort tatt før 1. januar 2005, gjeld dette:Klasse T og klasse B: Du kan køyre traktor med eller utan tilhengar. Det er ingen grenser for verken vekt eller fart knytt til førarkortklassen. Dette gjeld sjølvsagt også alle med betre klasse, då alle høgare klassar for bil/lastebil/buss med eller utan hengar føreset at du har klasse B.

Har du førarkort tatt etter 1. januar 2005, gjeld dette: Klasse T: Du kan køyre traktor med konstruktiv hastigheit inntil 40 km/h, med eller utan tilhengar. Dei første to åra, eller inntil fylte 21 år, kan summen av tillatt totalvekt på traktor og hengar ikkje vere over 25 tonn. Etter denne aldersgrensa fell vektgrensa bort, men fartsgrensa vert ståande. Du har også rett til å føre motorreiskap med konstruktiv hastigheit ikkje over 30 km/h, utan vektgrense, med eller utan tilhengar. Motorreiskapen skal ikkje vere konstruert for transport av personar eller gods.Klasse B: Gir ikkje rett til å køyre traktor, med unntak av traktorar med tillatt totalvekt under 3500 kg. Konstruktiv hastigheit kan ikkje vere over 40 km/h dersom traktoren har hengar (maks tillatt hengar vekt er 750 kg og samla tillatt totalvekt for traktor og hengar kan ikkje vere over 3500 kg). I praksis svært lite aktuell.Klasse BE: Du kan køyre traktor med konstruktiv hastigheit inntil 40 km/h, med eller utan tilhengar. Samla tillatt totalvekt kan ikkje vere over 25 tonn. Med Klasse BE tatt etter 1. januar 2005 skal du ha kode 144 i førarkortet.Klasse C1: Du kan køyre traktor utan hengar, utan at førarkortet avgrensar farten, føresett at tillatt totalvekt på traktoren er under 7500 kg. Med C1 kan du også køyre traktor med tillatt totalvekt inntil 7500 kg med hengar der førarkortet ikkje avgrensar hengarvekta, dersom konstruktiv hastigheit ikkje er over 40 km/h. Er i mindre grad aktuelt for traktor, då det er svært få traktorar med fart over 40 km/h som fell under denne vektgrensa.Klasse C1E: Lar deg ha tilhengar utan vektgrense bak traktor utan fartsgrense, om traktoren har tillatt totalvekt under 7500 kg. Gir elles rettar som BE. Klasse C: Du kan køyre traktor utan at førarkortet avgrensar farten, og utan grenser for tillatt vekt, men i praksis kan du ikkje ha tilhengar om du køyrer rask traktor med klasse C. Derimot kan du køyre traktor med hengar utan vektgrenser, dersom konstruktiv hastigheit ikkje er over 40 km/h. Klasse CE: Lar deg køyre traktor av alle slag, med eller utan tilhengar, utan grenser for fart eller vekt.

Oppatt til spørsmålslista

" Kva er 50-lappen? Personar med førarkort klasse T eller BE tatt etter 1.1.2005 kan ta eit tilleggskurs som gir rett til å køyre traktor med konstruktiv hastigheit inntil 50 km/h. Denne retten kjem fram av kode 141 eller 148 på førarkortet. Les meir om kurset lengre nede. Du må vere fylt 18 år for å få rett til å køyre over 40 km/h.

Oppatt til spørsmålslista

" Kva rettar gir 50-lappen?Klasse T + 50-lapp = kode 141 Med tilleggskurset får personar over 18 år med klasse T tatt etter 1. januar 2005 rett til å køyre traktor med konstruktiv hastigheit inntil 50 km/h. Om du har minst to års køyreerfaring eller er fylt 21 år, gjeld det ingen vektgrenser. Fram til desse aldersavgrensingane gjeld eit grense på maksimal tillatt samla totalvekt på 25 tonn.

Klasse BE + 50-lapp = kode 148 Denne kombinasjonen gir rett til å køyre traktor med konstruktiv hastigheit inntil 50 km/h, men med ei avgrensing på at samla tillatt totalvekt ikkje kan vere over 25 tonn.

Oppatt til spørsmålslista

" Kor kan eg ta opplæring?Du må ta kurset hos ein køyreskule som har køyreskulelærar med godkjenning.

Oppatt til spørsmålslista

" Kva er kravet til køyreskulelæraren?For at køyreskulelæraren skal kunne gi opplæring i kursa for kode 141 og 148 (50-lappen), må vedkomande ha eit tilleggskurs godkjent av Vegdirektoratet. Det er Høgskolen i Nord-Trøndelag på Stjørdal som gir slik utdanning. Les meir om det her. Som ei overgangsordning, fram til 1. april 2015, kan køyreskulelærarar med rett til å køyre 50 km/h-traktor gi opplæring utan dette tilleggskurset. Køyreskulelæraren må sjølvsagt kjenne læreplanen, som kan lastast ned herifrå.

Oppatt til spørsmålslista

" Kva inneheld kurset for 50-lappen?Kurset inneheld fem timar teoretisk opplæring og to timar praktisk køyring. Kurset skal gjennom oppleving, demonstrasjon, praktisk øving, gruppearbeid og refleksjon vidareutvikle kompetansen til å køyre traktor. Undervisninga skal skje i grupper, så sant det lar seg gjere. Du skal lære om risikoen ved å køyre traktor og hengar i 50 km/h, lære om konstruksjon og køyreeigenskapar til slike maskiner, forstå risikosituasjonar og du skal kunne vurdere deg sjølv og eigne evner som traktorførar. Dette er forklart nærare i læreplanen, som er lett å lese - den består av to sider tekst.

Oppatt til spørsmålslista

" Når kan eg ta kurset?Sjølv om forskrifta er vedtatt må køyreskulane få litt tid på seg til å bli klare. Vårt råd er å melde interesse til køyreskulane snarast råd, så dei kjem i gang, og kan presse på frå sin kant. Vis gjerne fram denne artikkelen. Høgskolen i Nord-Trøndelag, som skal kurse køyreskulelærarane, er usikker på om dei er klare før enn kring årsskiftet. Takka vere ei overgangsordning gitt av Vegdirektoratet, kan køyreskulelærarar som har rett til å køyre 50 km/h-traktorar straks gå i gang å gi opplæring utan tilleggskurs. Det er heller ikkje krav om særskilt læremateriell, og læreplanen ligg klar for nedlasting her, så no er det heilt og fullt opp til køyreskulane når dei vil starte kursa sine.

Oppatt til spørsmålslista

" Har kurset avsluttande prøve? Nei. Det er nok å gjennomføre dei pålagte undervisningstimane med teori og praktisk køyring. Du tar med deg ei stadfesting på dette til trafikkstasjonen, som oppdaterer informasjonen om deg i sitt register og skriv ut eit nytt førarkort med den nye koden på. For dette betaler du berre gebyr for sjølve kortet.

Oppatt til spørsmålslista

" Kva er kravet til køyreskuletraktor? 50-lappen: Dei to timane med praktisk køyring skal skje med ein traktor med konstruktiv hastigheit 50 km/h, tillatt totalvekt på minst 7000 kg, og tilhengar med last. Traktoren må vere registrert for to. Det er ikkje stilt krav til type transmisjon. Tilhengaren skal vere lasta med minst 50 prosent av tillatt nyttelast, men minimum slik at aktuell totalvekt er over fire tonn. Også hengaren må ha konstruktiv hastigheit 50 km/h.Det spelar ingen rolle kven som eig traktoren og hengaren, og den treng ikkje å vere utstyrt med dobbelt pedalsett eller anna utstyr typisk for vanlege øyreskuletraktorar. Altså kan du bruke eigen traktor om du vil det. Nytt om traktor for vanleg klasse T: Om køyreskulen ynskjer det, kan frå no ein 50 km/h-traktor også nyttast til køyringa for klasse T, men då må førar og lærar passe på at farten ikkje kjem over 40 km/h ved opplæring til vanleg klasse T. Frå før er det krav til at traktoren har manuell koplingspedal, og Vegdirektoratet føreset at elevane får opplæring i bruk av kopling (kløtsj) og manuell giring. Det er ikkje eit krav at køyreskuletraktoren skal ha manuell transmisjon. Det vert kravd at eleven kan nytte transmisjonen på prøvetraktoren på rett måte. Det vert også kravd at lemmane på hengaren skal vere så høge at du må bruke sidespeglane for å sjå bakom. Dette kravet er ikkje nemnt ved omtalen av køyreskuletraktor for 50-lappen. Trass alt har eleven frå før vore prøvd i å sjå bakom hengaren i speglane. Slik sett bør det vere godt nok med ein vanleg hengar utan høge karmar.

Oppatt til spørsmålslista

" Kva veit trafikkstasjonane om dette?Vegdirektoratet lova i høyringsdokumentet å sende ut informasjon i god tid til trafikkstasjonane, slik at dei skulle vere godt budde. BG har ikkje sjekka om dette faktisk er gjort. I ein overgangsfase er ikkje dei nye kodane å finne i Statens Vegvesens datasystem, men oppgraderinga av førarkortet skal gjerast manuelt. Dette vil du få direkte informasjon om dersom det kjem til å gjelde deg, lovar Vegdirektoratet.

Oppatt til spørsmålslista

" Kva med kravet til yrkessjåførkompetanse?Det er ikkje krav til yrkessjåførkompetanse om du kan køyre den såkalla 50-lappen, men har du til dømes CE for å køyre 50 km/h-traktor, må du ha slikt kurs. Vi har laga ei eiga sak om dette. Les meir her.

Oppatt til spørsmålslista

" Kva land og nasjonalitetar er omfatta av endringane?Dette er ei nasjonal forskrift, som einast gjeld i Noreg. Nasjonale førarrettar er gyldige i utlandet om vedkomande land aksepterer det. Det betyr at du må sjekke nasjonale reglar om du skal køyre traktor i utlandet. Folk frå EØS-området med klasse B tatt før 1. januar 2005, eller BE tatt etter denne datoen, får rett til å køyre traktor i Noreg. Det same med klasse T godkjent av norske styresmakter, tatt etter 1. januar 2005. Rettane til kva traktor som kan køyrast er som det vi har nemnt over. For å få rettar som med 50-lappen, må nok dette kurset takast, så sant tilsvarande kompetanse ikkje kan dokumenterast.

Oppatt til spørsmålslista

" Kor lenge varer førarkortet? For klasse B, BE og T, eventuelt med tilleggskodar, er normal gyldigheit på førarkortet 15 år. Då må du inn på trafikkstasjonen for å få skrive ut eit nytt førarkort. Føresetnaden er at du ikkje har helse som gir avgrensing, og at du er under 75 år. For høgare klassar (frå og med C1 og oppover til CE) gjeld førarkortet for fem år om gongen, føresett god helse og alder under 71 år. Her må du vise helseattest for å få skrive ut nytt førarkort.

Oppatt til spørsmålslista

" Kor kan eg lese heile forskrifta? Klikk her for å gå direkte til forskrifta. Den står i Forskrift om førerkort m.m.Den har denne nettadressa: http://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2004-01-19-298

" Opplæringsforskrifta finn du her: Forskrift om trafikkopplæring og førerprøve m.m.Nettadresse: http://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2004-10-01-1339

Oppatt til spørsmålslista

" Fleire spørsmål? Kontakt Bedre Gardsdrift Jogeir M. Agjeld telefon 90 64 65 53jogeir@askmedia.no

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS