mf 6600 veg

50-lappen kjem i september

Innspela til 50-lappen var så mange at vi måtte ta ein ekstra høyringsrunde, seier Samferdsledepartementet til Bedre Gardsdrift. I september er det venta at regelverket er på plass, med små justeringar frå det første framlegget.

Publisert

Traktoren i bakgrunnen går 50 km/h. Arne Solheim har førarkort klasse B frå før 1/1-05, og kan køyre. Kva med Jørgen, som har førarkort tatt etter denne datoen? Snart kjem svaret. (Arkivfoto)

No er eit nytt framlegg om førarkort for traktor med konstruktiv hastigheit inntil 50 km/h sendt på høyring. Endringane frå det første framlegget er at det no blir foreslått sju timar opplæring, mot først fem timar. Desse to ekstra timane skal vere praktisk køyring. Innhaldet i læreplanen er noko justert, og det blir stilt høgare krav til den som gir opplæring.

Klart til 1. september

Går alt etter planen skal det nye regelverket vere klart til 1. september. Kor snart kursmateriell og køyreskular er klare er uvisst, men det vil vere rart om det går veldig lang tid før dei første 50-lappane kan takast. Vi har god tru på at utvida førarkort for 50 km/h-traktorar blir ein realitet i denne runden.

Slutt på krav om vogntoglappen

Alle med førarkort tatt etter 1. januar 2005 må i dag ha førarkort klasse CE (vogntog) for å køyre 50 km/h-traktor med hengar. Landbruket ynskjer heller ein eigen klasse for traktorførarkort for slike traktorar, med mildare krav til opplæring og ein kostnad meir i samsvar med kva meirverdi slike traktorar har, men samstundes utan å gå på akkord med tryggleiken.

Fem timar teori, to timar køyring

Vegdirektoratet foreslår på oppdrag frå regjeringa å innføre ei eiga opplæring som gir ein kode i førarkortet som gir rett til å køyre 50 km/h. Opplæringa vil gå over sju timar, der minst to er praktisk køyring. Det blir inga avsluttande prøve. Den som gir opplæring i 50-lappen må ha eit ekstra kurs. Under opplæringa blir det særleg sett på risiko og tryggleik ved køyring med 50 km/h-traktor. Den praktiske køyringa kan skje med køyreskulen sin traktor i fall den går i 50 km/h, men den kan også skje med ein kva som helst annan 50 km/h-traktor med tillatt totalvekt over 7000 kg som er registrert for to. Dette opnar også for at køyreskulane kan nytte 50 km/h-traktorar i opplæringa til ordinær klasse T.

Må ha T eller BE frå før

Den nye læreplanen for 50-lappen inneheld to timar køyring, med valfri traktor.

For å kunne ta kurset må du frå før ha klasse T eller BE. Har du førarrett for traktor frå før 1. januar 2005, treng du ikkje slikt kurs. Med klasse T som utgangspunkt får du etter opplæringa kode 141, som gir rett til å køyre 50 km/h-traktor utan vektgrense. Har du ikkje T, men berre BE frå før, får du lagt til kode 148. Den gir rett til å køyre 50 km/h-traktor med samla tillatt totalvekt for traktor og hengar ikkje over 25000 kg. Førarretten vil også gjelde motorreiskap med 50 km/h som toppfart.

Gjekk for høgt ut i første omgang

Førre runde med 50-lapp vart sett i gang av den raud-grøne regjeringa, med dåverande statssekretær Geir Pollestad (Sp) i spissen, omlag på denne tida i fjor. Den gongen var ambisjonen at nytt regelverk skulle vere klart før hausten, og Pollestad gjekk langt i å love at det dei foreslo var det som ville bli vedtatt.

Støtte og motstand

I høyringsrunden kom det inn svært sprikande innspel. Bondelaget, TLIF og Bedre Gardsdrift sa i sitt felles høyringssvar at opplegget var godt, og at vi einast kunne tenkt oss å endre til ein noko meir målretta læreplan. Elles kom det innspel av alle slag, frå dei djupt skeptiske til dei som etterlyste praktisk opplæring og hadde ønske om strengare krav til den som gir opplæringa. Vegdirektoratet meldte i januar at saka var utsett, og har etter det laga eit nytt framleg der det er tatt omsyn til dei konstruktive innspela frå den første høyringa.

Har god tru no

" Realismen i å få til noko hausten 2013 var kan hende eit stykke unna ambisjonen. No har vi god tru på at regelverket snart er klart, og stadig med det opprinnelege framlegget som grunnlag. Noverande statssekretær Bård Hoksrud (FrP) har i alle fall trua, og går som Pollestad langt i å love at det som er foreslått er det som vil bli vedtatt. Bedre Gardsdrift held jamleg kontakt med samferdsledepartementet, og både Hoksrud og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen har uoppfordra nemnt til oss at 50-lappen er ei sak det blir jobba med for å få ei ordning på, så snart det lar seg gjere å mate den gjennom kverna.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS