valtra t rask 50 kmh veg lastar

50-lappen fjernar kravet til kompetansebevis

Har du hatt behov for klasse CE for å køyre 50 km/h-traktor, har du også trengt yrkessjåførbevis om du køyrer rundballar frå deg sjølv til eiga samdrift. Med 50-lappen treng du ikkje lenger det.

Publisert

Forskrifta for det som formelt heiter yrkessjåførkompetansebevis seier at dette beviset trengst om du fører noko som krev at du har førarkort klasse C, C1E, CE og så vidare.

Har du klasse CE for å køyre 50 km/h-traktor, må du altså ha kompetansebevis om du køyrer noko der det ville vore naturleg at du fekk betaling for å køyre. I praksis gjeld det nesten all køyring som ikkje er internt på eige bruk. Som til dømes korn frå deg sjølv til mølla, eit lass grus frå grustaket hos naboen, eller om du brukar 50 km/h-traktor framom ei gjødselvogn som du køyrer for andre med. Tolkinga har vore så streng at til og med det å levere ved til kårfolket kvalifiserer for krav til yrkessjåførkompetansebevis.

Om du ikkje treng CE for å køyre same traktoren, er det heller ikkje krav til yrkessjåførkompetanse. Det gjeld om du tok klasse B eller T før 1. januar 2005, eller om du no tar tilleggskurset som vi omtalar som 50-lappen. Difor er 50-lappen også aktuell for deg som har klasse CE, om du ikkje har yrkessjåførkompetansebeviset eller ikkje har planer om å fornye det.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS