1401reg-graf

2014 opnar som 2013

Totalmarknaden er lik, og rekkefølga i toppen er mot normalt. Sånn sett startar traktoråret 2014 likt med 2013. Denne gongen med New Holland på topp, framom MF og John Deere.

Publisert


Registreringstala i januar er ikkje noko vi skal dvele lenge med, for her vil det skje mykje gjennom året som kan snu om på både det eine og det andre. Nokre ting er som vanleg: Totalmarknaden er heilt på det jamne. Dei fire store er størst.

Til forandring startar New Holland på førsteplassen, ein traktor framom MF. Den blå kraftig fram mot same månad i fjor, MF nesten likt. John Deeres januar 2014 er identisk med januar i fjor, mens Valtra er meir enn halvert og går dermed frå første til fjerde. CaseIH held femteplassen, med Fendt fem traktorar bak, og Deutz-Fahr sju traktorar bak.

Detaljane elles for januar les du sjølv av tabellen, men kom tilbake om litt, så har vi meir å melde som kan vere vel så interessant.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS