zetor forterra 150 hd 14

Zetor på 150 hk

Nye Forterra HD har ein ny sjølvbygd firesylindra motor og nytt interiør i den fjøra hytta.

Publisert

Om talet nyregistrerte Zetorar etter kvart ligg lågt her i landet, har merket totalt sett framgang, med ein god auke i produksjonen og eit utvida modellprogram både oppover og nedover. Nye Forterra HD er ein serie med tre modellar frå 127 til 147 hk. Dei fire sylindrane har fire ventilar kvar. Innsprøytinga er sjølvsagt elektronisk, alle har turbo, og maksimalt dreiemoment er 551 Nm på minstemann og 589 på den største. Motoren er Zetor sin eigen 4,2-liter, ein grunnkonstruksjon som frå før utprøvd i Forterra HSX.

Transmisjonen

Den fullsynkroniserte transmisjonen har høg og låg gruppe, femtrinns hovudgir, tretrinns automatisert hurtiggir, kløtsjfritt vendegir og 40 km/h som toppfart. Kraftuttaket har fire turtal. Kraftuttak, firehjulstrekk og sperre har alle dei tre alternativa av-auto-på. Zetor byr på 100 prosent låsing på differensialsperra framme. Ein aktuell dekkdimensjon for bakhjula er 650/65R38.

Fjøring på hytte og framaksling

"

Høgre sidekonsoll er ny, med elektronisk betjent hydraulikk som viktigaste nyvinninga.

Hytta kan leverast med fjøring. Vel du fjørande framaksling, kan du heve- og senke nasetippen, og fjøringa kan låsast. Inni hytta er mykje av betjeninga ny. Trepunkten har EHR frå Bosch. Du får fire dobbeltverkande og eitt enkeltverkande hydraulikkuttak, som du styrer med fingerspakar monterte på sidekonsollen. Dei fire dobbeltverkande har regulerbar tid- og mengdestyring, justert med skruknottar. Traktoren har også integrert elektronisk joystick til betjening av hydraulikken. Vel du aksialstempelpumpe leverer traktoren 120 l/min.Klimaanlegget har betjeningsspanelet i taket. Du kan få varmetrådar i både frontrute og bakrute.Forterra HD har 13 cm lengre akslingavstand enn den litt mindre snart to år gamle Forterra HSX.

Stor-Zetor på venterommet

Mens Forterra HD er nok eit døme på at Zetor skundar seg sakte med å utvide modellprogrammet, har utviklingsavdelinga mykje meir i ermet. Spørsmålet er berre når dei er klare til faktisk å sleppe laus det dei har laga. I 2009 skreiv vi om stortraktoren Maxterra, som skulle vere klar til 2010. No vert det snakka om å sleppe denne i 2015.

"
Powered by Labrador CMS