traktorhjul på sjøen faksimile smp14

Våronn = uhell?

Aktiviteten i landbruket er stigande ettersom våren kjem sigande. Det fører med seg fleire traktor-uhells-saker for dei skrivande.

Publisert

Ymse saker i ulike nettaviser dei siste vekene gir grunnlag for å stille nokre spørsmål før du legg ut på vegen med utstyr som kan hende har vore nærast i vinterdvale: Er traktoren og reiskapen heilt i orden og klar til bruk? Er lasta sikra godt nok? Gjer eg alt eg kan for å hindre uhell og ulukker? Svarer du ja på alt dette, er du klar til å spenne deg fast i førarsetet og svinge ut på vegen for å få gjort viktig arbeid.

Laust hjul I

Ein bonde i Tomrefjord på Sunnmøre måtte få hjelp til å hente bakhjulet med båt, etter at han kom heilskinna frå ei utforkøyring. Han var på veg med traktor med gjødselvogn då venstre bakhjul sa takk for seg og tok kurs beint mot fjorden. Til alt hell vart ingen skadde, bortsett frå traktoren, melder Sunnmørsposten.

Laust hjul II

Same avis kan fortelje om ein traktorhengar som mista eit hjul nært Ålesund. Heller ikkje her vart det personskade.

Ymse små-kræsj

Det er også rapportert om enkelte samanstøyt mellom bilar og traktorar den seinare tida, utan personskade.

Dårleg sikring

" Laagendalsposten har snakka med politiet om manglande lastsikring. Her blir det synda frå nokon kvar, både privatbilistar og yrkessjåførar, og også traktorførarar og folk som køyrer for landbruket. " Politiet kommenterer at manglande lastsikring kan vere særs farleg, og det vert nemnt døme som ein rundball som fall av ein lastebilhengar få dagar tidlegare. Dårleg sikra rundballar er ein gjengangar Bedre Gardsdrift legg merke til er omtalt frå heile landet, gjennom heile året. Det å få noko sånt som mellom trekvart og eitt tonn imot i trafikken treng vi ikkje forklare kor farleg det er, det forstår alle. Strevar du med å sikre rundballane med vanlege stropper, finst gode alternativ.

"
Powered by Labrador CMS