challenger MT775E Stealth

Markerer 28 år med svart beltetraktor

Challengers flaggskip MT775E vert produsert i 28 eksklusive utgåver med svart lakk og spesialdekor, for å markere 28 år på gummibelte.

Publisert

I enden av samlebandet er Stealth-versonen av Challengers flaggskip ganske synleg.

Jubileumstraktoren, i den grad 28 år kvalifiserer til å bli omtalt som ei jubileum, får tilnamnet Stealth. – Den sjusylindra Agco Power-motoren går så stilt at du nesten ikkje høyrer traktoren. Gummibelta gjer at det nesten ikkje viser spor etter den, reklamerer Challengers marknadssjef Luca Cattani, med lett humoristisk referanse til millitær stealth-teknologi, som skal gjere ymse farkostar så godt som usynlege.

Forutan matt svart lakk får traktoren spesialdekor. Dei 28 traktorane vert produserte ved fabrikken i Jackson i Minnesota i USA, men alle 28 vil bli eksporterte til Europa. Noreg er ikkje av dei utplukka landa for den spesielle beltetraktoren. Til no er det ikkje nyregistrert ein einaste Challenger her i landet. Derimot er England og Italia typiske marknader der beltetraktorar har ein viss marknad.

Challenger MT775E får kreftene frå Agcos eigen sjusylindra 9,8-liters motor, som er oppsett til å gi 400 nominelle hestar, maksimalt 431 hk, og med maksimalt dreiemoment på 1920 Nm. Andre ting som vert trekt fram i pressemeldinga om dei 28 nummererte traktorane, er at du kan få ventilert sete og radio med rattbetjening.

Powered by Labrador CMS