volvo fmx styring 2013

Volvo med elektrisk hjelpestyring

Fleire traktormerke har ymse former for hurtigstyring, som skal gjere arbeidsdagen lettare om du skal svinge mykje. Volvo lastebilar gjer det på sitt vis.

Publisert

Mens traktorar går med hydrostatisk styring, køyrer lastebilane med servo, men i begge leirane er det grunn til å tenkje nytt om korleis styringa kan gjerast lettare. For føraren vil det bety mindre påkjenningar i armar og skulder.

Volvo har montert ein elektrisk motor mellom rattet og styresnekka på sin FMX-serie med lastebilar for anleggsbransjen. Poenget er å gjere styringa lett når den bør vere lett, men samstundes halde den passeleg fast når farten stig. Fordelen med ein el-motor her, er at den lar seg programmere ganske så fritt. Forutan å gjere styringa lett i låg fart, dempar den slag og støt i rattet, og den er programmert til automatisk oppretting. Dessutan er styringa så lett at reklamefolka har laga ein video (sjå under) der sjåføren styrer bilen ved å lokke ein hamster til å springe mot høgre eller venstre i eit bur monert til rattet, for å styre bilen. Fiffig bieffekt, det der.

Tungt.no har prøvd Volvo FMX, og omtaler styringa i låg fart slik: "Fra et menneskelig ståsted føles styringen å være lettere en gammel amerikansk personbil og unektelig temmelig uvant de første ti sekundene. Deretter bare lovpriser man systemet som bidrar til en ekstremt behagelig kjøring (...)"

Kan hende ein ide å spele vidare på også i traktorbransjen?

Powered by Labrador CMS